Kapittel 5 – Vidaregåande opplæring

Skuleeigarane si rolle er å setje skulane og lærarane i stand til å gjere jobben sin på ein best mogleg måte, og å sikre både valfridom for den einskilde, og ei god geografisk spreiing av skular i fylket. Det er viktig å ha eit mangfald av vidaregåande skuletilbod i Vestland, både når det gjeld linjeval og skulen sin måte å drive på.

Ein god dialog mellom skulane og næringslivet må bidra til at også nærings- og arbeidslivet sine behov er relevant ved vurderinga av kva opplæring som skal verte tilbydd. Ein sentral del av dette er å styrke elevane sine moglegheiter for integrert praksisopplæring i bedrift.

Rekordmange fullfører videregående skole.

Ordninga med fritt skuleval for elevane må halde fram i det nye fylket, slik at elevane får moglegheit til å velje skule kvar dei vil i heile det nye fylket. Samstundes ser Venstre det som viktig at elevar i så stor grad som mogleg skal kunne gå på skule i sitt eige nærmiljø, noko som må sikrast gjennom å sikre gode skulemiljø i nærområda og god valfridom når det gjeld linjetilbod i alle regionar, og vil vurdere opptakskriteria på ein slik måte at dette kan sikrast. Det må stillast reisegaranti for elevar som ikkje kjem inn på fyrstevalet sitt, og som ei fylgje av det må flytte på hybel. Maks reisetid heim-skule må ikkje overstige 1 time.

Venstre er oppteken av at alle elevar i vidaregåande skule vert sikra opplæring på sitt eige nivå, og at det må leggjast til rette for tilpassa opplæring for elevar med ekstraordinære behov knytt til dysleksi, lærevanskar, språk m.v.

Venstre vil:

  • sikre at skulestrukturen i Vestland fylke framleis er desentralisert og gje elevane god moglegheit for plass på nærskulen
  • sikre at fritt skuleval held fram i heile fylket
  • redusere fråfallet i skulen
  • leggje til rette for at nynorskelevar held på nynorsken gjennom heile den vidaregåande skulen, og setje i verk tiltak for å stogge språkskiftet frå nynorsk til bokmål somme stadar i fylket
  • at alle dei vidaregåande skulane må administrere seg og marknadsføre seg på nynorsk
  • at alle skular i Vestland skal være universelt utforma og tilpassa alle grupper elevar
  • sikre at alle elevar i vidaregåande skule får dei undervisningstimane dei har krav på
  • gje lærarane meir tid til undervisning gjennom reduserte krav til rapportering
  • auke satsinga på internasjonalisering for elevar i den vidaregåande skulen på studiespesialiserande og yrkesfag.
  • dimensjonere utdanningstilbodet i den vidaregåande skulen meir i samsvar med næringslivet sine behov og framtidas utfordringar og etterspurnad
  • utvikle pilotprosjekt for nynorsk formidling i vidaregåande skule
  • oppretthalde Manger folkehøgskule som eit senter for korpsmusikk
  • gje høve til eksamen om sommaren, også for dei som ikkje tek sommarskule
  • fagskulane må vidareutviklast, i nært samarbeid med vidaregåande- og høgskular
  • sikre ei god seksualundervisning på vidaregåande skule
  • seie nei til narkotikaaksjonar med hund på vidaregåande skular i Vestland
  • undersøkje høvet for nettbaserte skulefag som supplement til vanlege fagtilbod
  • at elevane i vidaregåande opplæring må få prøve seg meir ute i arbeidslivet
  • vidareutvikle skreddarsydde utdanningstilbod retta mot innvandrarar
  • sertifisere dei vidaregåande skulane som dysleksivenlege skular.
  • jobbe for at elevane i ungdomsskulen får betre informasjon om dei ulike vidaregåande skulane og utdanningsmogelegheitene
  • at fylkeskommune og vidaregåande skule skal samarbeide om desentraliserte opplegg på høgskule – og universitetsnivå
  • at nye elevplassar som hovudregel bør opprettast i den offentlege skulen, men utan at dette stenger for ønska mangfald i det samla tilbodet

Skulemiljø og førebygging av fråfall i vidaregåande skule

Godt skulemiljø er ein av dei viktigaste faktorane for å motivere elevane til skulegang og unngå fråfall. Å gjere alt som er mogleg for å hindre mobbing og skape gode og inkluderande skulemiljø er ei av fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver.

Fråfall i den vidaregåande skulen er ei stor utfordring for samfunnet. På alle nivå i grunnskulen kan effektive tiltak setjast i verk for å hindre fråfall i den vidaregåande skulen. Det er naudsynt med samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen.

Informasjonsutvekslinga må betrast samtidig som personvernet til elevane vert teke vare på. Det må være samarbeid mellom ungdomsskulane og vidaregåande skule for å sikre gode overgangar og god rettleiing om karriere- og utdanningsval.

Venstre ser det som viktig å styrke skulehelsetenesta for å redusere fråfallet, og vil også vurdere å ha tilsette på skulen med særskilt ansvar for skule- og elevmiljøet, det være seg i lærarstaben eller særskilde miljøarbeidarar. Skulane skal vere rusfrie, og det er viktig at politiet og helsevesenet mfl. arbeider målretta med førebyggande arbeid.

Venstre vil at skulane skal tilby gratis leksehjelp/ekstraundervisning til dei som treng det.

Venstre vil setje strengare krav til rådgjevarane sin kompetanse ved at rådgjevarane skal ha ei heilskapleg forståing for samanhengen mellom elevane sine føresetnader, skulane sine tilbod og kva næringslivet treng.

Venstre vil:

  • styrkje rådgjevarane si kompetanse og rolle overfor elevar som treng rådgjeving om val av studieretning
  • betre opplysning om alternative vegar til fagbrev
  • prøve ut ordningar for elevar med særskilde utfordringar som har mista retten til vidaregåande opplæring. I dette ligg det m.a. styrking og utvikling av produksjonsskuletilbodet.
  • stø opp om, og følge opp mobbeombodet og elev- og lærlingeombodet sitt arbeid og tilrådingar
  • sørge for at det vert gjeve undervisning i livsmeistring
  • styrke skulehelsetenesta og gi bidrag til kommunane slik at den kommunale helsesjukepleiartenesta vert utvida i vidaregåande skule
  • ha skulefrukost på alle vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune. Dette kan gjerast i dialog med frivilligheita og kommunane
  • ha ein skulestruktur som gjev eit godt tilbod også i distrikta
  • ha forventningar om at hybelbuarar på vidaregåande skule får god oppfølging av vertskommunen, mellom anna med tilgang til kulturskule og godt tilbod om psykososial oppfølging og andre helsetenester

Yrkesfag

Dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen er det viktigaste satsingsområdet for Venstre i denne perioden. Yrkesfag representerer ei av dei viktigaste kjeldene til næringsutvikling og nyskaping på Vestlandet, samstundes som utfordringar knytte til fråfall er størst i denne delen av opplæringa.

Venstre vil auke fokuset på arbeidstrening og nyetablering ved å styrke samarbeidet med det lokale næringslivet og satse vidare på elevverksemder og gründerkurs.

Elevar på yrkesfag må få høve til ei meir fleksibel læretid, både med omsyn til korleis læretida vert lagt opp, og når det gjeld tidspunkt. Alle elevar bør få lærlingplass, og oppfølginga av den einskilde lærling må bli betre

Venstre vil:

  • styrke samarbeidet med det lokale næringslivet om arbeidstrening og elevverksemder
  • jobbe for at alle lærlingar får læreplass. Dette inneber at det offentlege må tilby fleire læreplassar, og at anbodskrav knytt til lærlingar må handhevast og styrkast
  • ha oppfølging og god kontakt mellom skule og lærlingar
  • auke satsinga på opplæringskontor
  • styrke og utvide ordninga med lærekandidatar
  • ha auka satsing på marknadsføring av yrkesfaga
  • oppdatere utstyrsparkane slik at dei svarer til det ein finn elles i arbeidslivet. Det er her naudsynt med eit nært samarbeid med eksisterande næringsliv for også å kunne sikre dette utanom skulane sine lokale.

Studieførebuande opplæring

Den studieførebuande opplæringa i Vestland kan styrkast gjennom betre samarbeid med dei høgareutdanningsinstitusjonane i fylket. Venstre vil gjere det enklare for skulane å gjere bruk av kompetanse frå universitet og høgskular, til dømes gjennom å gje skuleelevar høve til å følgje undervisning på høgare nivå.

Studierådgjevinga må ha kontakt med dei høgare utdanningsinstitusjonane og næringslivet. I tillegg er det viktig med eit større fokus på entreprenørskap og nyetablering, og med det å sikre at elevane er medvitne om korleis dei skal omsetje kunnskap til praktisk nytte og eiga utvikling.

Venstre vil:

  • styrke samarbeidet mellom skulane og dei høgare utdanningsinstitusjonane
  • auke fokuset på entreprenørskap og nyetablering i skulen
  • ha elevverksemder på alle vidaregåande skular
  • betre studierådgjevinga
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**