Vestland Venstre meiner det nye fylket skal ha ei berekraftig utvikling av næringslivet og vere verdsleiande på einskilde område. Vi skal ha sterk konkurransekraft om menneskelege ressursar og kapital. For å lukkast med dei høge ambisjonane må vi ha ei grunnleggande positiv haldning til berekraftig næringsutvikling, medverka til utvikling og knoppskyting frå eksisterande næringsliv og ny verksemd frå gründerar.
Vestland er langt framme i høve det grøne skiftet. Dette skjer raskare og raskare med teknologiske endringar som gir moglegheiter det er viktig at vårt næringsliv dreg nytte av både i eit klima og miljø- og verdimessige perspektiv. Fiskeri- og havbruksnæringa, olje- og gassnæringa, maritim og marin sektor, er viktige bidragsytarar for å få fram meir framtidsretta og klimavenlege teknologiske løysingar for matproduksjon, CO2 fangst og generell omstilling på viktige område der Noreg er i front på verdsmarknaden.
Utviklinga innan digitalisering vil i stadig sterkare grad påverke kvardagen vår. Vestland fylke har alle føresetnader for å kome styrka ut av, og å vere ei drivkraft i, denne utviklinga.
Samspelet mellom offentleg og privat sektor er vesentleg slik at vi dreg i same retning. Gjennom overordna strategiske planar, føreseielege rammevilkår, utvikling av framtidsretta arbeidskraft og kompetanse og gode løysingar for samferdsle vil vi kunne få til dette.
Landbruk og reiseliv er to av berebjelkane for matforsyning, kulturlandskap, verdiskaping, busetnad, kultur og identitet i vår region.
Reiselivssektoren har lange tradisjonar i Vestland, og står for ein viktig del av verdiskapinga.
Skogreising og meir bruk av trevirke er ein viktig ressurs for verdiskaping i distrikta, samtidig er det et effektiv klimatiltak for meir CO2-binding.
Venstre vil:
- vidareføre, styrke og vidareutvikle fylkeskommunaleplanar for kysten
- styrke samspelet mellom FoU-institusjonar og næringslivet, for endå betre å imøtekome behova til næringslivet og halde fram satsinga på inkubatorar og næringshagar
- leggje til rette for innovasjon i etablerte næringar som allereie har gode føresetnader for vekst og utvikling
- bidra til klyngeutvikling og utvikling av nye, innovative næringsmiljø med vekstpotensiale
- vidareføre arbeidet med lokalmat og Vestland som matkulturregion
- arbeide for ein innkjøpspolitikk som fremjar miljøvennlege og lokale kjøp, og stimulerer sosial verdiskaping
- at alle bedrifter og innbyggjarar i Vestland fylke, gjennom samarbeid mellom offentlege styresmakter og næringslivet, skal ha tilgang til godt breiband innan 2025
- ha eit godt samarbeid med høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar i fylket
Fiskeri og havbruk
Rein og produktiv kyst gjev Vestland eit fantastisk grunnlag for hausting og produksjon av sjømat. Målet er at dette skal vare i all tid. Derfor er det også viktig at denne matproduksjonen og hausting av havet er kunnskapsbasert, og vert forvalta i godt samspel mellom det offentlege og næringane.
Venstre ser det som særskilt viktig å ivareta det biologiske mangfaldet og naturen sitt eige økosystem. Samstundes vil vi inspirere til innovasjon og utvikling i tradisjonelle og nye havnæringar.
Berekraftig hausting og dyrking av marine ressursar skal være motorar i utviklinga av det fornybare Norge. Vestland er blant dei fremste i verda innan havbruk, og vi er leiande på forsking innan dyrking og hausting av tang, tare, algar og anna marin forsking.
Vestland Venstre vil ha ei berekraftig fiskeri- og havbruksnæring. For Vestland og Noreg er det viktig at næringa satsar vidare på innovasjon og utvikling som styrkar grunnlaget for langsiktige og stabile arbeidsplassar i dei blå næringane.
Fiskeri er ein solid bærebjelke for busetnaden og aktiviteten på kysten i Vestland. Det skal det vere også i framtida. Stabile og føreseielege reguleringar og strukturtiltak i fiskeria, bør basere seg på dagens forvaltnings- og reguleringsregime.
Det må ikkje tildelast nye konsesjonar for oppdrett i område der dette kan påverke livsløpet til vill laks og sjøaure. Det må ikkje opnast for vekst i produksjonsvolumet i område som er raude i trafikklyssystemet fordi det er for mykje lakselus. Venstre vil arbeide for å få redusert lusepåslaget i kystområda slik at vi kan få til ein berekraftig vekst i havbruksnæringa.
Dei statlege fiskerihamnene vert overførde til fylkeskommunen frå 2020. Fylkeskommunen må få tilført nok midlar til å utføre denne viktige oppgåva.
Venstre vil vidareføre ordninga med Havbruksfondet slik det er i dag.
Venstre vil:
- at Vestland skal vere eit internasjonalt kraftsenter for marin kompetanse også i framtida
- leggje til rette for utvikling av ny teknologi innan fiskeoppdrett gjennom å prioritere konsesjonar til oppdrett i lukka einingar
- vere ein pådrivar for at vi kan auka haustinga av den blå åkeren basert på ny kunnskap og ny teknologi
- hindre forsøpling av hav- og kystområda våre
- auka satsinga på kvalitet i alle ledd i fiskerinæringa og auke bruken av restråstoff frå fiskeria i anna næringsverksemd
- at føre-var prinsippet må gjelde der nye aktivitetar relatert til fjord, sjø og hav kan gje skade på miljøet
- verne gyte- og oppvekstområde for alle viktige kystfiskeartar
- jobbe for at fylket vert tilført nødvendige midlar for å vedlikehalde eksisterande fiskerihamner
- jobbe for at nye fiskerihamner vert bygde der det er nødvendig
Gründerskap
Vestland Venstre vil at Vestland fylke skal bli leiande på næringsutvikling i Noreg, og vil føre ein politikk som fremjar nyskaping og gründerskap. Her er Ungt Entreprenørskap i skulen særleg viktig. Ein vesentleg del av elevar med utdanning i entreprenørskap startar eiga verksemd.
For Venstre er det grunnleggande at det offentlege og fellesskapet skal være positive til ønsket om å vere sjølvstendig næringsdrivande. Fylket si haldning må vere at det skal vere attraktivt og positivt at innbyggarar i Vestland ønsker å skape arbeidsplassar for seg sjølv og andre. Ønske om å realisere draumar må vere attraktivt og ikkje føra til ein vanskeleg økonomisk situasjon.
Venstre vil:
- styrke satsing på Ungt Entreprenørskap i vidaregåande skule
- følgje opp nystarta verksemder med internasjonalt vekstpotensiale
- halde fram satsinga på inkubatorar og næringshagar
- ha moderne infrastrukturløysingar
- jobbe for betre infrastruktur for sosialt entreprenørskap, og vurderestøtteordningar som medverkar tilat fleire sosiale entreprenørar kan lukkast
- støtte arbeidet med å etablere ein entreprenørskaps-folkehøgskule på Stord
- vere positiv til oppretting av «nye Makerspace» i Vestland fylke og støtte opp om samspel mellom næringsliv, vidaregåande opplæring og/eller høgskular
- vere positiv til lokale øl-, cider- og vinfestivaler
Landbruk
Vestland Venstre ønskjer ein berekraftig matproduksjon med lågast mogeleg utslepp, og som sikrartrygg mat til innbyggarane. Det må særleg satsast der vi har naturgjevne tilhøve, som frukt- og bærdyrking i fjordbygdene, og dyrehald der vi har rike beiteressursar.
Venstre vil støtte opp om utviklinga som skjer innan småskalaproduksjon og kortreist mat.
Venstre vil:
- leggje til rette for meir småskalaproduksjon
- styrke satsinga på frukt, bær og grønsaker i fylket
- nytte dei rike grovfôr- og beiteressursane i inn- og utmark
- verne om matjorda ved streng praktisering av jordvernet
- støtte opp om NIBIO sine forskingsstasjonar og Njøs frukt- og bærsenter
- medverke til auka matproduksjon i byar og bynære strøk, t.d. parsellhagar
- ha ei støtteordning for bønder som arrangerer «open gard» for publikum
- leggje til rette for å skape sterkare møteplassar mellom lokale matprodusentar og restaurantar
- ha fokus på tiltak som styrkar vår konkurranseevne, t.d. beskytta geografisk nemning
Reiseliv og kulturbasert næring
Vestlandet har fantastiske fjordar og natur som kvart år fører millionar av reisande til regionen. Venstre sitt mål for reiselivsutviklinga er at Vestland fylke skal vere eit godt områdeå bu og levei, og å reisa til. Vi vil ha berekraftige destinasjonar, som i større grad tek i bruk heile fylket, heile året. Venstre vil at vi skal satsa på kvalitet framfor kvantitet. Vi vil trekkja til ossfleire turistar som vil opplevenaturen og kulturen framfor masseturismesom t.d. cruisenæringa representerer.
Samarbeid innan reiselivet i fylketer viktig i ein sterk global konkurranse. Reiselivet i vår region har vore flinke, men det er viktig å styrke og betre dette samarbeidet, slik at fleire turistar kjem til Vestlandet – heile året
Venstre vil:
- stø opp om NCE-satsinga, vidareutviklinga av destinasjonsselskap, og arbeide for betre kompetanse i sektoren
- støtte opp om produktutvikling i reiselivet som sikrar meir lønsame og berekraftige reiselivsprodukt
- utvikle attraksjonar knytt til viktige kulturhistoriske landskap i fylket
- at samspelet mellom reiselivs- og kulturverksemder skal bidra til auka aktivitet
- støtte opp om Nærøyfjorden verdsarvpark, verdsarvsenteret på Bryggen og etableringa av eit verdsarvsenter på Urnes
- leggje til rette for verdiskaping knytt til kulturminne
- ha nasjonale retningsliner forcruisetrafikken som gir kommunane høve til å setja tak på tal skip/besøkande dei tek i mot pr. dag og stilla klima- og miljømessige krav næringa må innfri
- jobbe for at reiselivsdestinasjonar vert sertifiserteinnan berekraft.
- vidareutvikle prosjektet «Travel like the locals»
- støtte prosjekt og attraksjonar som har til hensikt å styrke kunnskapen om landskap og økosystem, slik som Marheim-prosjektet i Fjærland
- løfte også kysten som reisemål