Kapittel 3 – Eit grønare Vestland

Menneskeskapte klimautfordringar og tap av natur- og artsmangfald er vår tids største utfordring. Å kutte klimagassutslepp, ta vare på naturen og forvalte naturressursar og areal på ein berekraftig måte er naudsynt for å sikre jorda for generasjonane som kjem etter oss. Samtidig gjev det også̊ nye moglegheiter for god livskvalitet og verdiskaping. Venstre vil gjere det enklare for innbyggjarane i Vestland å velje miljøvennleg, uansett om ein bur i by eller bygd.

Vestland har eit næringsliv som er heilt i front nasjonalt og internasjonalt på mange område, mellom anna i marine og maritime næringar, energiproduksjon og kraftkrevjande industri. Venstre vil leggje til rette for at heile næringslivet kan satse på grøn innovasjon og fornying, og at Vestland tar ein leiande posisjon i utvikling og bruk av nye fornybare energiformer.

Vestland fylkeskommune skal ta ei aktiv rolle i å oppfylle Paris-avtalen og FN sine berekraftmål. Vestland fylke skal vere klimanøytralt innan 2030.

 

Eit leiande klima- og miljøfylke

Venstre vil:

  • setje fornybar energi og teknologi først i all næringspolitikk og samferdslepolitikk
  • auke satsinga på̊ utvikling av ny fornybar energi, særleg knytt til hydrogen og offshore vindkraft
  • stø opp om NCE Maritime CleanTech og andre klyngesamarbeid i Vestland innanfor grøn maritim industri
  • bidra til å utvikle industri som produserer avansert biodrivstoff basert på råstoff frå avfall og skog.
  • innføre tiltak for å produsere meir marin biomasse til mat- og energiproduksjon, og å vidareutvikle fiskeri og havbruk som berekraftige næringar
  • at fylkeskommunen konsekvent skal kjøpe inn låg- og nullutsleppskøyretøy til bruk i offentleg teneste og transport.
  • at alle fylkeskommunale innkjøp skal vere miljømerka og at alle leverandører skal være klimanøytrale
  • ha utsleppsfrie fylkeskommunale byggjeplassar innan 2025
  • at Vestland fylkeskommune i nybygg og rehabilitering skal leggje til grunn EU-direktivet om “nær nullenergibygg”, og bruke meir tre som byggmateriale
  • redusere matsvinn og auke bruken av plantebasert mat i offentlege kantiner
  • arbeide for at staten gjennom Enova prioriterer landstraum til hamner og ferjekaiar i Vestland fylke, og at hamner utnyttar potensialet som lova gjev til auka eigeninntekt.
  • medverke til at kommunane i Vestland blir klimanøytrale
  • at Vestland skal vere førebudd på̊ klimaendringane gjennom å satse på̊ klimatilpassing

Naturvern

Venstre vil:

  • kartleggje og ta vare på naturmangfald i Vestland fylke
  • trappe opp satsinga på å hindre spreiing av framande artar, og fjerning av slike
  • styre utbygginga av kraftverk i samsvar med vedtekne planar og leggje vekt på̊ landskapsvern, friluftsliv og biologisk mangfald
  • unngå̊ høgspentliner i luftspenn der det kjem i konflikt med viktige natur- og landskapsvernomsyn. Jobbe for at sjøkablar blir tatt i bruk som eit alternativ.
  • prioritere vasskraftutbygging med magasin og utbygging der det er naturinngrep frå̊ før. Og unngå̊/avgrense vasskraftutbygging i urørd natur
  • at Vestland skal ha ein samla fylkesdelplan for vindkraft, som tek sterkare omsyn til urørt natur og kommunen sine meiningar om dette
  • halde fram ordningar som sikrar nasjonale laksefjordar og laksevassdrag
  • arbeide for å redusere utslepp av miljøgifter og førekomst av miljøgifter i sjø, og vere svært restriktive til nye utsleppsløyve
  • seie nei til dumping av miljøskadeleg gruveavfall i fjordane
  • redusere bruken av vegsalt
  • sikre reine fjordar, hav, sjøar, elvar og strender i Vestland – fri for plast og anna forureining – mellom anna gjennom å støtte Friluftsråda sitt arbeid
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**