Dei neste ti åra er dei mest avgjerande for å få til ein klimasnuoperasjon. Dette krev ei bevisstgjering og ei handlingsendring hos den enkelte. I klimaspørsmål er det viktig å tenka globalt, men handla lokalt. Samstundes må naturressursane forvaltast og brukast med omtanke og med omsyn til naturen sine eigne tolegrenser.
Venstre vil:
- arbeida for ein kommunal klimaplan med konkrete mål og tiltak
- gå over til blomster-eng ved enkelte kommunale grøntanlegg for å sikra artsmangfaldet – og redda biene!
- redusera bruk av plast og premiera gode tiltak
- ta vare på den produktive jorda
- ha reduksjon av CO2-utslepp
- vurdera å endra system for transport av avfall frå sorteringsanlegget til deponi