Jo visst vert kommunesamanslåing ei valkampsak!

Bjørn Tore Sund og Kjersti Vevatne
Bjørn Tore Sund og Kjersti Vevatne

Redaktør Fjeld er ute i avisa si tysdag 18. juni og har konkludert heilt på eigen hand om kor oppteken ostringane er av kommunesamanslåing. «På Osterøy kjem ikkje dette til å verte noka stor valkampsak,» skriv han. Me kan røpe for redaktøren at av og til kan det være lurt å prate med ein ostring eller to før ein uttalar seg om kva dei er opptekne av.

Osterøy Venstre har meint lenge at Osterøy må slå seg saman med ein nabokommune. Det meinte me ved førre kommuneval, me meiner det no, og det har me vore tydelege på fleire gonger også i avisa til Fjeld. Som redaktøren sjølv fleire gonger har skrive; Osterøy kommune har så store utfordringar at det er mange gode argumenter for at samanslåing er ein god idé.

Når me no i 2019 er ute og pratar med folk, anten det er på valkampaktivitetar eller i det daglege, så merkar me tydeleg at noko har endra seg. Folk kjem bort og vil prate om saka der Osterøy Venstre som einaste parti har sagt tydeleg at me er for. Mange ostringar ser kva for utfordringar kommunen slit med; på økonomi, i kommunale tenester og i politiske fora. Dei les tross alt Bygdanytt. Dei ser dei stadige kutta, og mange merkar dei no på kroppen. Dei høyrer at det vil verte enno meir utfordrande dei komande åra. Dei er naturleg nok opptekne av dette. Og dei er klare på at dette no er ei viktig sak. Dette vil dei prate om. Me merkar at langt fleire er for ei kommunesamanslåing no enn før. «Det går ikkje lenger,» seier dei. Det har dei rett i.

Osterøy Venstre kan love redaktøren at me vil halde fram med å snakke kommunesamanslåing. Og om, som redaktøren seier, kommunesamanslåing skal verte eit tema etter valet så er det ekstra viktig at det er eit tema no i valkampen. Ei ny avgjersle på kommunesamanslåing vil vere den viktigaste avgjersla kommunen tek i komande valperiode. Då er det naudsynt at folk veit kva partiet dei vil stemme på har tenkt å gjere i den saka. Dette er ikkje ei sak å ta sjansar på.

Me kan love at ei stemme til Osterøy Venstre er ei stemme for kommunesamanslåing. Gjerne med Bergen, men me bør også snakke med mellom anna Alver. Me vil arbeide for at Osterøy blir ein del av noko større etter valet. Difor bør også Kjersti Ingolvsdotter Vevatne bli ordførar. Fordi ordførar er den som vil leie forhandlingane for Osterøy. Den personen som har slikt oppdrag må ønskje ein avtale, og må ønskje ein best mogleg avtale. Ein ordførar som er mot kommunesamanslåing vil ikkje gjere den same jobben. Og når forhandlingane er over, må samanslåingsarbeidet leiast av nokon som vil at samanslåing skal skje. Fordi dette er den beste løysinga for Osterøy no.

Bjørn Tore Sund, Leiar, Osterøy Venstre