Brynhild Lund Notøy (V): Støtt Grodåsbakkane, Venstre ynskjer utvikling!

Volda Venstre

«Eg har vore med på handsaminga i utval for utvikling, formannskap og kommunestyre – og vil på det sterkaste tilbakevise at ordføraren som medeigar i Hornindal Eigedomsselskap AS har hatt betydning for handteringa av saka om utbygging av Grodåsbakkane.» Dette skriv Brynhild Lund Notøy – kommunestyremedlem for Venstre i Hornindal i eit avis-innlegg nyleg. Lund Notøy er 2. kandidat for Volda Venstre til haustens kommuneval.

Her kan du lese heile innlegget til Brynhild Lund Notøy:

Handsaminga av søknaden frå Hornindal Eigedomsselskap AS om utbygging av Grodåsbakkane trinn 1,2 og 3 har fått fyldig dekning i lokale aviser. I formannskapet og kommunestyret var Eldar Engelund (SP) kritisk til at saka har vorte teken opp utan at planutvalet har gitt dispensasjon. Han stilte spørsmål ved om det er samansetjinga av selskapet som har hatt betydning for fortgangen i saka. Vidare kritiserte han administrasjonen for tynn saksutgreiing.

Eg har vore med på handsaminga i utval for utvikling, formannskap og kommunestyre og vil på det sterkaste tilbakevise at ordføraren som medeigar i eigedomsselskapet har hatt betydning for handsaminga av saka. At administrasjonen la fram saka utan tilråding, tok eg som eit tydeleg signal på at det var politikarane som skulle ta stilling til om saka skulle handssamast.

Då Hornindal Eigedomsutvikling AS hadde inngått avtale med grunneiar om utbygging av Grodåsbakkane trinn 1,2 og 3, søkte Aaland arkitektkontor på vegne av tiltakshavarane om dispensasjon frå plankravet og rammeløyve for utbygging. Slik møteplanen er oppsett ville det vere umogeleg å få vedtak i saka før langt ut på hausten om planutvalet skulle gjere sitt vedtak først.

Trongen for bustader er stor. Folk som ynskjer å flytte til Hornindal, slit med å skaffe seg bustad. Det er skadeleg for utviklinga av bygda vår. Dette tiltaket er raskaste vegen til å bøte på dette. Eg ser det nesten som ein gåvepakke. Utviklingsutvalet var difor ikkje i tvil om at vi måtte gå vidare. Saka var godt utgreidd. Det var ikkje mindre enn 20 vedlegg som viste gangen i saka. Kostnadene med prosjektering av infrastrukturen, med utstikk fram til tomtegrensene på begge sider av vegen, kom fram i saksutgreiinga. Eg skjønar ikkje kva meir som skulle vere med i ei slik sak.

I utgreiinga var det skissert to alternativ til å gå vidare med saka. Dette vart grundig drøfta i utviklingsutvalet sidan infrastruktur for utbygging i sentrumsområdet ikkje er med i budsjett og økonomiplan. Av den grunn meinte eg at vi burde vurdere utbyggingsavtale mellom kommunen og utbyggar. No har ikkje Hornindal kommune praksis på slike avtalar, og under drøftingane såg eg at det ville vere å skape ekstra arbeid for teknisk etat. Både eg og resten av utvalet veit at etaten har ein ekstremt pressa arbeidssituasjon, og det ville vere uklokt å pålegge dei endå meir arbeid.

Utviklingsutvalet visste godt at saka må handsamast av planutvalet, men vi har erfaring med slike saker frå før. Det vart gitt dispensasjon då utbygginga på Ospesletta starta. Når det gjeld Grodåsbakkane, er utbygginga i tråd med arealplanen i kommuneplanen, vedteken i 2002. Då reguleringsplanen for sentrum låg ute, kom det ikkje inn merknader som skapar vanskar for denne utbygginga. Utviklingsutvalet og seinare fleirtalet i formannskap og kommunestyre såg difor ikkje noko stort problem med å handsame saka, og eg kan ikkje vere med på den kritikken som er reist vedkomande sakshandsaming.

At vi får inn saker som ikkje er med i budsjett eller økonomiplan er ikkje noko nytt. Då vil det alltid vere ei vurdering av kor viktig saka er. Denne saka er viktig for vidare utvikling, og eg vil berømme administrasjonen som greidde å få lagt fram saka til møtet i utviklingsutvalet. I denne omgang er det løyving til prosjektering vi har vedteke. Eg er viss på at planutvalet har fått gjort sitt vedtak når vi skal ta stilling til finansiering av tiltaket. Utbygging av infrastrukturen i dette området gjer det mogeleg både for denne utbygginga og for evt. andre som vil bygge i området. Tiltaket er svært viktig for sentrumsutviklinga. For Venstre er det viktig å utvikle eit sterkt sentrum i indre del av kommunen.

Det er tungvint både for tiltakshavar og kommune når reguleringsplanen ikkje er ferdighandsama. No er det på tide å ta tak i reguleringsplanen og få den godkjend!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**