Vindkraft og det grøne energiskiftet

Pål Farstad og Kari Grindvik meiner at vi må ta ut potensialet i energisparing og energieffektivisering, før nye naturområde vert bygd ned for energiproduksjon. , Ålesund Venstre

Eit moderne samfunn er heilt avhengig av energi for å fungere, både for oss i privatlivet, for næringsliv og for alle offentlegetenester. I Norge har vi natur som er av stor verdi for menneske og dyr, for opplevingar og for energiproduksjon. Det er Venstre sitt klare mål å balansere energiproduksjon med bevaring av naturmangfald, jordvern, kulturminner og ivaretaking av kulturlandskapet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Vi står midt oppe i ei omlegging av vår energiproduksjon. Inntil nylig har Norge hatt nok energi frå vasskraft, ein svært rein energiproduksjon sett i høve til utslepp av klimagassar fproduksjon av straum frå fossile energikjelder.

FN og EU har sett klare mål om ein radikal reduksjon av utslepp av klimagassar for å stoppe temperaturauke på jorda. Som ledd i det grøne skiftet skal vi stanse bruk av fossil brensel på ei rekke område der slik brensel i dag er førsteval, ikkje minst innan transport. Det gjeld både bilar, fergjer og hurtigbåtar, arbeidsmaskiner, jernbane og fly. Venstre har klare politiske mål om konkret å gjere naudsynte tiltak for at dette skal realiserast.

Då kjem diskusjonen om kva energiformer som kan vere deibeste å satse på. Vasskraft kan enno utnyttast vesentleg betre ved mellom anna å effektivisere leidningsnettet.

Venstre meiner at vi må ta ut potensialet i energisparing og energieffektivisering, før nye naturområde vert bygd ned for energiproduksjon. I tillegg må vi intensivere forskninga på vindkraft, på solceller og bølge-/tidevannskraft om vi skal nå målet om nok energi dekt frå ein utsleppsfri produksjon, altså utan fossil brensel.

Ei utbygging på Haramsøya må lokalt forankrast hos dei som på ulike måtar er berørt. Det må vere gode prosessar der lokalsamfunnet er involvert og ulike perspektiv vert belyst. Haram kommunestyre har i sin høyringsuttale av 9.mai 2019 til MTA-plan og detaljplan for utbygging av vindkraft på Haramsfjellet uttrykt skepsis til korleis berørte partar har vorevarlsa om høyringa, samt at ei 12 år gamalkonsekvensutgreiing vert lagt til grunn for planen. Støyvurderingar og avbøtande tiltak , samt risikovurdering av iskast vert også påpeika. Vi støttar Haram kommune sine merknader til planen. Vi finn i tillegg grunn til å vere uroa over korleis omsynet til friluftsliv, kulturminne, jordvern og naturmangfald vert ivareteke. Spesielt kulturminner blir vesentleg utfordra om det vert vindkraftutbygging på Haramsøya, noko Møre og Romsdal fylkeskommune har påpeika og retta kritiske merknader om i brev til NVE av 10.05.19. Fylkeskommunen har vår fulle støtte i det deiframfører i sitt brev.

Vi har hatt samtale med den politiske leiinga i Klima- og miljødepartementet, og dei har forsikra oss om at dei vil gå gjennom desse innvendingane. Noko vi vil passe på vert følgtopp.

 

Kari Grindvik, ordførerkandidat for Venstre i Ålesund

Pål Farstad, fylkesordføraakandidat for Venstre i Møre og Romsdal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**