Venstre er oppteken av at vi må klare begge delar – ta vare på miljøet i og rundt Sognefjorden og samtidig utvikle ei berekraftig reiselivsnæring som skapar verdiar og arbeidsplassar lokalt.
Laurdag arrangerte lokallaga i Sogndal og Luster Venstre møte i Solvorn der Helene Maristuen i Visit Sognefjord bidro med fagleg innlegg om utvikling av berekraftig reiseliv i regionen, og Torbjørn Dale i Sognefjorden Vel orienterte om miljøutfordringar knytt til Sognefjorden.
Erfaringa viser at miljøutfordringane driv fram omstilling, og i næringslivet er det ei stor omstillingskraft dersom politikarane sett fornuftige krav og rammer for utviklinga.
Søndag gjekk turen til Supphellebreen i Fjærland, der klima- og miljøministeren fekk ei orientering om nasjonalparkforvaltinga i regionen.
Det å få til gode besøksstrategiar var eitt av fleire viktige tema – blant anna å leggje til rette for turisme samtidig som ein ivaretek miljø, sikkerheit og lokale forhold på populære attraksjonar. Supphellebreen er eit godt eksempel. Denne breen åleine har rundt 12.000 besøkande i året, og da må det vere lagt til rette for å handtere trafikken til brefoten. Våren 2019 vart det opna toalettanlegg for besøkande til breen, noko som har betra situasjonen betydeleg – til beste både for turistar, grunneigar og for miljøet.
Det er positivt at myndigheitene blant anna har styrka nasjonalparkforvaltninga med nye stillingar, noko som og fell forvaltninga i vår region til gode.
Rundturen i Fjærland vart avrunda med ei orientering av Marianne Nilsen om Marheim-prosjektet i Fjærland og ein fantastisk lunsj på Fjærland Fjordstove.
På tur tilbake til flyplassen på Haukåsen vart det og tid til eit kort besøk i Kaupanger der Christen Knagenhjelm ga ei orientering om Kaupanger stavkyrkje som er den største i Sogn.