Benedikte Holmberg (V): “Svært kritisk til høghus-blokker i Rotsetfjøra”

Volda Venstre

“Eg meiner kommunen ikkje kan gå for denne planen. Eg har vore kritisk og røysta i mot denne saka tidlegare. Dette er ei av dei lokalpolitiske sakene som har uroa meg mest sidan den kom opp “, slo Benedikte Holmberg (V) fast då formannskapet i Volda sist veke drøfta den framlagde detaljreguleringsplanen for Rotsetfjøra.

“Ein privat utbyggar har fått tillit til å utarbeide ein detaljert reguleringsplan av eit flott område, men oppgåveforståinga er kritikkverdig. Vi blir heile tida møtt med argument om lønsemd for utbyggarar, men er det rett at personleg gevinst skal skje på bekostning av trivsel i eige lokalmiljø?” spurde Holmberg og viste til at desse sjø-nære tomtene kan bli eit attraktivt og spanande område fylt med lokalhistorie – noko kommunen kanskje burde nytte seg av.

Saman med Gunnar Strøm (SV) fremja Holmberg eit alternativt framlegg i 2 punkt til vedtak i saka. I punkt 1 vart det peika på at den framlagde planen var uakseptabel, og ikkje kunne leggast ut til offentleg ettersyn. I punkt 2 heitte det at ei eventuell eigengodkjenning av planen ikkje skulle handsamast før arealplanen er vedteken.

Under røystinga i formannskapet fekk punkt 1 i framlegget frå Blomberg og Strøm berre deira eigne to røyster og fall. Når det gjaldt punkt 2, fekk dei to støtte frå Odd A. Folkestad. Dermed fall også dette punktet – med tre mot seks røyster.

Det betyr at detaljreguleringsplanen no blir lagt ut til offentleg ettersyn. Det er planlagt to blokker på seks etasjar og ei blokk på fire etasjar i Rotsetfjøra i området mellom Brunvoll og Garvarbuda. I bustadblokkene på seks etasjar er det opna for kontor på bakkeplan.

(planlagd utbygging i Rotsetfjøra – skisse frå sakspapira)