Saman for ungdom i Vestland!

Gunhild Berge Stang og Agnes Hoshovde Bernes, Foto: Bård Mangerøy

Best i landet

Å fullføre vidaregåande skule og/eller få lærlingbrev, er etter Venstre sitt syn den beste garantien du kan få for eit trygt og godt yrkesliv vidare.Illustrasjonsbilde

Sogn og Fjordane er no best i landet på å sørge for at flest mogleg unge blir ferdig med vidaregåande opplæring etter planen. Fire av fem elevar i Sogn og Fjordane har gjennomført planlagt opplæring seinast fem år etter at dei starta.

Dei unike resultata i Sogn og Fjordane har ikkje kome av seg sjølv. Dei er resultat av mange års systematisk arbeid, som først og fremst handlar om å «bygge ned murar» mellom skule og yrkesliv – slik at alle partar arbeider tett saman med eitt felles mål: At kvar einskild ungdom skal lukkast.

Læreplassar

Ikkje minst er dette viktig i yrkesfaga. Ingenting er så motiverande som å vite at ein arbeidsgjevar står klar tidleg i utdannninga for å ta imot deg: Fortelje deg at du er verdt noko, at du er til nytte og at det spelar ei rolle for andre om du er der eller ikkje. Talet på læreplassar i Sogn og Fjordane har også auka sterkt dei siste åra, både i næringslivet og i kommunane.

 

Illustrasjonsbilde Med nye Vestland fylke har vi eit unikt høve til å breidde «Sogn og Fjordane-modellen» for vidaregaånde opplæring ut i eit endå større fylke – med fleire lokalsamfunn og bedrifter som ynskjer seg påfyll av friske hender og hovud i framtidas arbeidsliv i samarbeid med vidaregåande skular med lokal forankring og desentralisert struktur.

 

Mykje bra arbeid blir sjølvsagt gjort i Hordaland allereie innanfor vidaregåande opplæring, men tala for gjennomføring taler sitt tydelege språk om at Sogn og Fjordane her har noko å lære vekk.

På lag med framtida

Venstre går til val med mål om at ungdom i Vestland skal få den beste vidaregåande opplæringa i landet. Vi trur på ungdommen, vi trur på framtida, og vi vil at unge skal bli gitt tillit og sjansar til å utfolde evnene sine. For oss er det å vere på lag med framtida.

 

 

Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat Vestland Venstre

Agnes Hoshovde Bernes, ungdomskandidat (3. kandidat) Vestland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**