Lonane og Midtmarka, utbygging eller natur?

Natur og friluftsliv må vega tyngst meiner Miljøpartiet dei Grøne Alver og Alver Venstre

 

Strilen førte den 7. juni Midtmarka på Flatøy inn i denne diskusjonen, der partiet Høgre sa klart frå at arbeidet med å få regulert Midtmarka til utbygging må prioriterast i den nye kommunen. MDG Alver og Alver Venstre er ikkje einig med Høgre, og meiner at målet er å ta vare på viktige friluftsområde og mest mogleg intakt natur.

Det kan sjå ut som det er nokre gode grunnar til å byggje ut i Midtmarka, at det handlar om sentral fortetting; at det ligg kollektivtransport og inntil E39 nært grena til Bergen kommune.

Men noko anna er viktigare i Midtmarka:
– Fordi Midtmarka er eit verdifullt frilufts- og opplevingsområde for fastbuande og tilreisande !

Det er naturen – som urørt natur – som har størst verdi her, ikkje arealet som potensielle attraktive tomtar og som ny by på jomfrueleg mark… Våre parti vil peike på at Midtmarka og Håøya er eit samanhengande nærast urørt stykke natur frå E39, og representerer den største «grøne lunga» mellom Knarvik og Frekhaug.

Vert Midtmarka bygd ut med «om lag 3000 bustader og store areal til næringsutvikling, handel, tenesteyting og hotell» – og i tillegg til omfattande og særs komplisert vegutbygging med tap av nærområde og landbruksareal, vert ikkje berre Midtmarka øydelagt som frilufts- og naturområde, men heile den sørlege delen av Alver vil tapa eit uerstatteleg og verdifullt kystlandskap med stor historisk verdi i.

Alver kommune må snarast få etablere seg med nye heilskaplege arealplanar, og det nye kommunestyret må ta ein «time out» når det gjeld utbygging og utflating av attverande natur og friluftsområde i sørlege delen av kommunen. Tida må ein bruke til nokre grunnleggande diskusjonar – langt viktigare enn namneval og utforming av kommunevåpen og ordførarkjede: Tre viktige spørsmål må stillast:

  1. Kor stor bør regionsenteret og byen Knarvik vera?
  2. Korleis skal tettstaden her utformast og utviklast vidare?
  3. Ønskjer me og treng me verkeleg endå eit senter i tillegg til Knarvik og Frekhaug ?

Venstre og MDG tvilar sterkt på at ei utbygging av Midtmarka på Flatøy er naudsynt, og meiner at hovudutfordringa for Alver kommune vert å utvikla sentrumsområdet i Knarvik vidare, slik at det vert eit miljøvenleg og funksjonelt tettstadsmiljø med gode kvalitetar tett lokalisert i området rundt Knarvik senter og det nye Helsehuset. Då må alle viktige publikumsfunksjonar og forretningar koma her, og ikkje verta spreidd utover i eit omkrets på over 2,5 km. Me treng eit framtidig kommunesenter, der alle viktige tenester og viktige tilbod for innbyggjarane, inkludert bustader kjem i gangavstand frå kollektivhaldeplassen ved Knarvik senter, og der både eldre og unge får gode møteplassar. Berre innanfor områdeplanen for Knarvik er det plass til over 2000 nye bueiningar. Me må prioritera å utvikla dette sentrale området, og la naturområdet på Flatøy forbli ein naturressurs for innbyggjarane i heile Alver.

Vert Midtmarka bygd ut, får me ein todelt regionsenter, der folk må køyre/ sykle og gå langs E39 og over Hagelsundet for å kome til og frå viktige funksjonar. Vert det ein god tettstad ? Me tvilar…

I intensjonsavtalen som er inngått står det at Knarvik skal vera kommunesenteret og at Frekhaug skal vera eit lokalsenter. Å utvikla begge desse områda, i tillegg til lokalsentrene Manger, Ostereidet, Lindås, Vikebø og Hordabø vil kreva stor innsats både av Alver kommune og private. Ein kystlandsby vil ta mykje fokus og kapasitet frå både lokalsentrene og Knarvik, det ønskjer ikkje me !

En kystby, slik Høgre vil ha med inntil 3000 bueiningar, vil medføra tunge investeringer knytt til både tilkomstvegar, drikkevatn, avlaupsanlegg og kraftforsyning med meir. I tillegg vil det måtta koma tung sosial infrastruktur, som nye barnehagar, skular med vidare. Å ri to hestar samstundes fører sjeldan til noko bra resultat, det bør alle politiske parti forstå !

Det Alver kommune ikkje treng er at kortsiktige og ivrige næringsinteresser, skal vinne over langsiktige og viktige miljø og samfunnsinteresser.

 

Vår konklusjon:

Den nye kommunen Alver treng snarast å få på plass ei heilskapleg areal- og samfunnsplanlegging, og må i inneverande 4 årsperiode få på plass ein ny kommunedelplan for heile den sørlege delen, frå Frekhaug i vest til Knarvik og Alversund i nord. Det er her den store veksten vil koma, og planen må ha som fokus å sikre god samfunnsutvikling, der miljø, friluftsliv, natur, samfunnstryggleik, gode markagrenser og folkehelse skal stå i fremste rekke.

På den måten kan dei politiske partia få vist at ei samanslåinga av dei tre kommunane kan verta ein fordel for alle, ved at gamle kommunegrenser og reine utbyggingsinteresser ikkje lenger vert viktig i planlegginga. Kanskje kan me og håpe at Nordhordland , som ein sentral del av Noregs første biosfæreområde, kan få tilført kompetanse til dette arbeidet. Det er noko Alver kommune treng sårt, før endå eit flott naturområde vert vedteke bygd ned.

 

Leif Johnsen , 1. kandidat Miljøpartiet dei Grøne Alver

og

Sveinung Toft, 1 kandidat Alver Venstre