Pride i Valdres

Etter at Valdres Venstre lanserte ideen om å skipe til bygde-Pride i Valdres har reaksjonane strøymt på. Dei har vore udelt positive. Folk i alle aldrar, frå ulike politiske leirar og med ulike bakgrunnar har spurt korleis dei kan bidra.

Les heile leserinnlegget til initiativtakar Alice Gudheim her:

Valdres er mangfald, vakkert og variert, med fjell og fjordar, støling og lokalmat, eit breitt spekter av festivalar og kulturtilbod. Vi har eit blomstrande reiseliv og engasjerte innbyggjarar. Og neste sumar får vi også Pride.

Pride-rørsla har dei siste åra spreidd seg frå byane og utover landet til flatbygder, fjordarmar og fjellvidder. For kva er vel meir naturleg enn å også feire det menneskelege mangfaldet?

Etter at Valdres Venstre lanserte ideen om å skipe til bygde-Pride i Valdres har reaksjonane strøymt på. Dei har vore udelt positive. Folk i alle aldrar, frå ulike politiske leirar og med ulike bakgrunnar har spurt korleis dei kan bidra.

På den eine sida tek eg denne støtta litt for gitt. Fordi eg liker å tru at vi i Valdres er liberale, varme og fornuftige i møte med menneskeleg mangfald. Fordi eg tenkjer at motstand og motvilje mot ulike seksuelle legningar er smått absurd.

Samstundes veit vi jo alle at det ikkje er absurd. Motstanden finns. Motviljen blømer som lupinar, forkledd som religiøs kjærleik og omsut for den tradisjonelle kjernefamilien. Men lupinar fortrengjer, som vi veit, mangfaldet i blomeenga.

Hatet finns også, i form av mobbing og trakassering. I land over heile verda blir seksuelle minoritetar forfølgde og til og med drepne. I Noreg er det brei politisk semje om at ingen skal diskriminerast på bakgrunn av kjønn, hudfarge, funksjonshemming eller seksuell legning. Vi bur i eit av verdas beste land når det kjem til like rettar og gode kår for alle.

Likevel. Og kanskje difor.

For alle kampane som har vore kjempa på denne vegen har kosta. Og som i alle kampar om rettferd, må ein ta valet på ny og på ny. Det kan vera freistande å sitje stille i båten når fjorden er blank, men i det norske farvatnet av likeverd er det understraumane ein må vakte seg for.

Pride er meir enn fargerike opptog med festlege kostyme og livleg musikk. Pride er meir enn ei folkeleg feiring med vaiande flagg. Pride er også djupt alvor, det er ei sterk og tydeleg markering av eit standpunkt mot urett, vald og diskriminering. Å kjempe for arbeidarar, kvinner eller seksuelle minoritetar kan i somme land koste deg livet. Så når folk går i tog 1. mai eller 8. mars eller i ei Pride-parade, så er det fordi noko står på spel.

Noko vi kanskje tek for gitt, men som vi ikkje har råd til å miste.

Møre har gjort det, Sogn har gjort det, Brumunddal og Finnmark og mange andre distrikt har skapt sine eigne Pride-arrangement med stor suksess. Tiltaka spreier glede og takksemd og sterke engasjement. Nokre stader blir Pride-arrangementa møtt med motvilje og motstand, men etter dei mørke toreskrella er det alltid regnbogen som vinn.

Eg gler meg til regnbogen slår seg opp over vakre, varierte Valdres og gjev oss endå meir å vera stolte over.

Alice Gudheim, Valdres Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**