Valprogram: Nyskaping og grøn vekst

Kommunar som lukkast med vekst og utvikling er samhandlande, ambisiøse og gode tilretteleggjarar. Venstre vil at Stad kommune skal vere heilt i landstoppen innanfor næringsutvikling og stadutvikling. Vi skal legge til rette for vekst i næringslivet i Stad kommune gjennom satsing på næringsutvikling, gründerpolitikk og sterkare samarbeid kommune/skule/næringsliv.

Stad Venstre vil:

  • Ha attraktive byggeklare tomter i alle krinsar
  • I samarbeid med bygdelaga og eigarane arbeide for å gjere tilgjengeleg på marknaden fleire småbruk og hus på bygdene som i dag står tome
  • Setje rekruttering av folk øvst på dagsorden i Stad kommune – i nært samarbeid med næringslivet gjennom Stad Vekst. Rekruttering kan også gjerast i samarbeid med Helse Førde, vidaregåande skular og andre.
  • Klargjere fleire nye næringsareal og næringsbygg for bedriftsetableringar på sjø og land
  • Gjere det enklare å starte eiga bedrift, legge til rette for fjernarbeidsplassar og lage ein kommunal gründerstrategi
  • Ha rask sakshandsaming i saker som er viktige for gründerar og næringsliv
  • Legge til rette for vekst i reiselivet ved å fronte natur- og kulturopplevingar, og stø opp om nye satsingar. Stad Venstre seier ja til at Stad kommune skal lage ei «reiselivsklynge» som byggjer vidare på ny strategisk plan for reiselivsutvikling
  • Ha eit «lokalsamfunnsteam» i Stad kommune som gjer det enkelt for bygder og frivillige lag å samarbeide med kommunen – med éin fast kontaktperson i kommunen
  • Vil følgje opp arbeidet med stadutvikling som er starta opp i 2018-19, med levande og attraktive tettstadar og bygder i heile den nye kommunen. Vi vil ha gode buområde, trygge og samanhengande gang- og sykkelvegar, møtestadar for sosial aktivitet og lokale fritids- og kulturtilbod
  • Fortette sentra i små og store tettstadar i kommunen, og søke å unngå utbygging på dyrka areal. Fortetting vil gje tilgang til offentlege tenester innanfor kort avstand
  • Legge til rette for moderne buformer og gode bustadmiljø, med høve til treffpunkt og fellesfunksjonar
  • Seie nei til auke i eigedomsskatten, og ha som mål å redusere han når kommuneøkonomien tillet det
  • At kommunen skal vere ein ambisiøs og framoverlent ja-kommune, som er pådrivar for å tenke nytt og framtidsretta. Stad skal vere ein aktiv medspelar overfor dei som ønsker utvikling
  • Sikre ledig areal og stimulere til auka budstadbygging over heile kommunen. Vi må styrke og utvikle viktige nærliggande funksjonar som skular og barnehagar, nærbutikkar, helse- og omsorgstenester
  • Samarbeide med landbruksnæringa om å utvikle landbruket som vekstnæring
  • Samarbeide med fiskeri- og havbruksnæringa for å bygge ei sterk samla marin næringsklynge i Nordfjord, og utvikle næringane vidare i grøn retning
  • Fullføre utbygginga av fiber- og breiband til heile Stad kommune
  • Gjere Stad til føregangskommune på energi, klima og grønt næringsliv
  • Belønne miljøvennlig bygging/ oppgradering av bustader
  • Lage ein samla plan for å sikre raskast mogleg trygge gang- og sykkelvegar til alle skulane i Stad kommune. Herunder gang- og sykkelveg på Stårheim, manglande sykkelveg mellom Skårhaug og Haugen, og vidare utbygging av sykkelvegar i Selje, Flatraket og Leikanger.
  • Satse på vidare utvikling av Nordfjordeid som regionsenter i Nordfjord
  • Arbeide for raskast mogleg oppstart av utbetring av Fv 620 Årsheimstranda. Utbetre og rassikre Fv 618 som ein viktig pendlarveg i ytre del av Stad kommune
  • Utbetre vegen til Vestkapp
  • Utvikle Selja Kloster til eit pilgrims- og reiselivsmål i nasjonal toppklasse, mellom anna ved etablering av eit regionalt pilegrimssenter i Stad kommune
  • Stø opp om satsinga på Fjordane Virtuelle Campus
  • Arbeide for fleire desentraliserte fagskule- og høgskuletilbod i Stad kommune

Skule og oppvekst

Helse og omsorg

Klima og miljø

Kultur, idrett og fritid

Ein sterkare region

< Tilbake

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**