Valprogram: Kultur, idrett og fritid

Stad kommune skal vere ein stad med allsidige og spennande kulturtilbod og fritidsaktivitetar for alle. Stad Venstre vil jobbe for å styrke dei frivillige organisasjonane og få endå fleire aktive innanfor kultur- og organisasjonslivet. Idrett og friluftsliv er viktig for samhald, inkludering, meistring og folkehelse. Vi må også løfte arbeidet med ivaretaking og formidling av kulturminne.

Stad Venstre vil:

  • Ha fritidskort som gjev alle born og ungdomar tilbod om minst éin fritidsaktivitet
  • Legge til rette for utlån av utstyr til fritidsaktivitetar ved å gjere BUA tilgjengeleg for alle i Stad kommune. Få på plass ei ordning der også næringsliv kan sponse innkjøp av utstyr til utlån
  • Legge til rette for gode anlegg for idretts- og kulturaktivitetar
  • Redusere halleiga for idretten og prisane i kulturskulen
  • Få fleire aktive ute i friluft gjennom turstiar, naturmøteplassar og friluftsanlegg
  • Legge til rette for leik og uorganisert aktivitet gjennom t.d. ballbingar, klatrestativ og hinderløyper
  • At Stad kommune skal vere med å legge til rette for utbygging av nærmiljøanlegg rundt skulane, i samarbeid med bygdelag og idrettslag
  • Legge til rette for at frivillig sektor får ressursar og støtte i arbeidet med inkludering og førebygging av utanforskap
  • Styrke Frivilligsentralane i Eid og Selje for å kunne støtte opp om dei frivillige organisasjonane og betre samspelet mellom frivillig, privat og offentleg sektor
  • Starte ei prøveordning med søndagsope bibliotek
  • Styrke kulturskuletilbodet og tilbodet innan dans, musikk og visuell kunst
  • Jobbe for auka næringsutvikling knytt til kunst og kultur
  • Styrke lokalsamfunna og attraktiviteten til Stad kommune gjennom nært samarbeid med Malakoff og andre festivalar og kulturopplevingar
  • Legge betre til rette for frivillige lag og organisasjonar – særleg for born og unge
  • Bygge fleirbrukshall i Selje, for å betre tilbodet til born og unge i ytre del av Stad kommune
  • Få opp ei lokaliseringssak for fotballhall på Nordfjordeid i samarbeid med Eid IL Fotball som trinn 1, der ein ser på korleis ein kan få til ei plassering som vil gje høgast samla nytteverdi for eit slikt framtidig anlegg

Skule og oppvekst

Nyskaping og grøn vekst

Helse og omsorg

Klima og miljø

Ein sterkare region

< Tilbake

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**