Valprogram: Klima og miljø

Stad kommune skal ha høge ambisjonar for klima og miljø, med effektive tiltak som gjer samfunnet smartare, meir miljøvenleg og tilpassa eit endra klima. Vi ønskjer å omstille Stad til eit nullutsleppsamfunn på alle samfunnsområde, med mål om å klare dette innan 2030.

Stad Venstre vil:

  • Ta initiativet til eit “tverrpolitisk klimaforlik” der alle partia vert einige om ambisjonsnivå og forpliktar seg til ei felles plattform i arbeidet med klima og miljø
  • Utarbeide eit årleg klimarekneskap for kommunen
  • Ladestasjonar for elbil i heile kommunen, som t.d. ved skulane, i sentrum (der folk er på jobb, reiser forbi)
  • Legge til rette for miljøvennlege sanitæranlegg og ordningar for avfall på turistmåla i Stad kommune
  • Etablere bysykkelordning på Nordfjordeid i løpet av 2020
  • Støtte opp om aktørar som vil utvikle, finansiere og bygge ut digitale løysingar for redusert transportbehov, infrastruktur for nullutslepp, autonom transport med vidare
  • Få etablert fyllestasjonar for hydrogen i Stad kommune
  • Kommunen skal i eigne innkjøp og i samarbeid med næringslivet jobbe for at minst 20% av tungtransporten skal gå på fornybart drivstoff innan 2025, og at all tungtransport og anleggsdrift skal kunne gå på fornybart drivstoff innan 2030
  • At bilreiser knytt til kommunal møteverksemd skal haldast på eit minimum ved å legge til rette for videomøter, samkøyring og bruk av kollektivtransport
  • Redusert energibruk i bygg, miljøvenlege byggemateriale og eigenproduksjon av energi skal prioriterast høgt. Hente deler av finansieringa frå offentlege støtteordningar som Enova, Klimasats og forskingsmidlar
  • Jobbe for at all energi til drift av kommunale bygg skal vere basert på opphavsgaranterte fornybare og helst lokale kjelder, som til dømes fjordvarme, sol- eller bioenergi
  • At kommunale bygg skal vere klimanøytrale innan 2030, og produsere minst 50% av eige energibehov sjølv, og restbehov skal vere opphavsgarantert fornybar energi
  • At alle kommunale nybygg skal byggast i materiale med lågast mogleg miljøbelasting gjennom heile livsløpet
  • At alle kommunale tenestebilar skal vere utsleppsfrie i løpet av ein fireårsperiode
  • Ha like strenge miljøkrav til cruisenæringa som no er innført i verdsarvfjordane for heile Vestlandet, inkludert for cruisetrafikken i Nordfjord, med landstraum for cruiseskip på Nordfjordeid
  • Ha ein storstilt dugnad for å rydde skog og lage utsikt langs vegane i Stad kommune, i samarbeid med stat, fylke, bygdelag og grunneigarar

Klimatilpassing

  • Ha jamnlege beredskapsøvingar og oppdaterte beredskapsplanar som vert kommunisert til innbyggarane på ein forståeleg måte.
  • Jobbe for at våre sikringstiltak kjem høgt på prioriteringslista til NVE.
  • Ha ein skjøtselsplan for skog som kan fungere som vern mot flaum, ras, skred og overvatn for bygningar og infrastruktur.
  • Ha ein tiltaksplan for å tilpasse kommunale vegar, infrastruktur, bygg og gards/skogsvegar til klimaendringar og tøffare vær.
  • Ha ein tiltaks- og vedlikehaldsplan for å førebygge overvatn, tette avlaup, samt flaumutsette bekkar og vassdrag.

Skule og oppvekst

Nyskaping og grøn vekst

Helse og omsorg

Kultur, idrett og fritid

Ein sterkare region

< Tilbake

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**