Valprogram: Ein sterkare region

Venstre vil arbeide for ein sterkare samla region i Nordfjord, der vi står saman for vekst, utvikling og nye arbeidsplassar.

Stad Venstre vil:

  • Byggje Nordfjordbrua Anda-Lote. Få plangrunnlag og nødvendige vedtak på plass i komande periode
  • Ha byggestart for Stad Skipstunnel seinast i 2023
  • Betre hurtigbåtsamband mellom Stad kommune og Måløy-Florø-Bergen, med forlenging av rutene til Ålesund når Stad Skipstunnel kjem
  • Arbeide for etablering av minst 100 nye statlege arbeidsplassar i Stad kommune innan 2025
  • Styrke Eid vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule som utdanningssenter, med sterkt samarbeid kommune/ vidaregåande skule
  • Betre busstilbodet i Nordfjord. Mål om ”timesekspress” aust/ vest og nord/sør
  • Opprette skuleskyss Selje-Eid t/r slik at ungdommane i ytre del av kommunen kan bu heime og gå på Eid vidaregåande skule
  • Arbeide for eit samla Nordfjord – på sikt med éin felles kommune i Nordfjord, gjerne inkludert Vanylven
  • Arbeide for at Nordfjord som region skal ta ein sterkare posisjon i nye Vestland fylke – mellom anna gjennom fleire fylkeskommunale kompetansearbeidsplasser, styrking av dei vidaregåande skulane og utflytting av oppgåver og funksjoner frå stat og fylke til Nordfjord og Stad kommune
  • Arbeide for å styrke rutetilbodet og betre tilbringartenestene ved Sandane Lufthamn, som er nærflyplassen til Stad kommune

Skule og oppvekst

Nyskaping og grøn vekst

Helse og omsorg

Klima og miljø

Kultur, idrett og fritid

< Tilbake

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**