Klimatiltak i lokalsamfunna

Natur og Ungdom i Valdres skipa til klimademonstrasjon på Skiferplassen på Fagernes i førre veke. Bra! Underteikna og fleire andre lokalpolitikarar frå mange parti vart utfordra til å seie noko om kva vi kan gjere lokalt for å redusere klimautsleppa. Her er nokre idear.

1) Det er ungdomsråd i kvar kommune. Spørsmålet er om dei fungerer godt nok. Tips: Revitalisere ungdomsråda og ungdommens kommunestyre. Mange unge har gode og kloke tankar om klimautfordringane og om kva vi kan gjere lokalt. Få ungdommane tettare på dei politiske beslutningane.

2) Alle utslepp er lokale. Eg vil oppfordre ordførarane og politikarane i Valdres til å arbeide for klimabudsjett, som betyr utarbeiding av konkrete klimatiltak i kommunen.

3) I Noreg er 97 prosent av energien som blir brukt, fornybar. Likevel: Kommunane kan bli meir sjølvforsynte i eiga verksemd, gjennom til dømes bruk av solcelle, jordvarme (takk, Eli Marit) eller andre energikjelder. Og når ein går i gang med bygging av offentlege bygg, må ein sørge for å bruke teknologi som gjer utsleppa minimale, i samarbeid med Klimasats, med Enova – som båe arbeider for å redusere klimautslepp og redusere energibehovet.

4) Landbruket står for 9 prosent av dei samla klimagassutsleppa. Saman med landbruket – og gjennom lokale og nasjonale tiltak – må vi utnytte energipotensialet i landbruket endå meir, mellom anna ved å utnytte lokal husdyrgjødsel til å produsere energi. I tillegg må vi saman med sentrale styresmakter arbeide for å styrke fjellandbruket endå meir, mellom anna styrking av tilskotsordningane for beiting i utmark.

5) Det er viktig å syne til tiltak som fungerer, a la Valdres kommunale renovasjon (VKR). Men det hjelper lite å vise til eit godt renovasjonsselskap når forbruket aukar og søppelmengda med den. Økonomien ville stå seg like godt med ei haldningsendring til forbruket. Vi forbrukar for mykje. Vi kjøper for mykje. Vi kastar for mykje. Vi reiser for mykje.

6) Vi skal framleis bygge i dette landet, men vi må vere meir restriktive på utbygging og nedbygging av sårbar natur, særleg gjeld dette hyttebygging. Det skjer ei auka bevisstgjering av konsekvensane av hyttebygging – lokalt og nasjonalt. Vi kan ikkje lenger forhalde oss til naturressursane som om dei var vårt eige godtefat. Det betyr at vi (oftare) må seie nei til tilfeldige dispensasjonar til hyttebygging midt i ein planperiode.

7) Det er 20 000 hytter i Valdres. Kvar helg blir dei fylt opp at turistar – mange frå Oslo-området. Dei kjem i bilar og køa er lang. Kva veit vi om behova for auka kollektivtrafikk hjå deltidsvaldrisane? Er det mogleg å styrke kollektivtilbodet i helgene endå meir? Med eigne hyttebussar direkte til Aurdalsåsen, til Vaset eller til Beitostølen?

Knut Aastad Bråten
Fyrstekandidat for Venstre
Nord-Aurdal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**