Hallvard imponert over Hornindal

Volda Venstre

“Hornindal har mykje interessant å by på og vise fram. Eg er imponert over kva den vesle kommunen med kring 1200 innbyggarar har klart å bygge opp av næringsliv og kommunale tenester.” Det meinte Hallvard Bjørneset, ordførarkandidat for Venstre ved haustens kommuneval, då han tysdag denne veka var på “bli-kjend-dag” med Hornindal. Brynhild Lund Notøy, 2. kandidat til kommunevalet og Hornindals “Venstre-dronning”, stod føre opplegg og gaiding.

Dagen starta med bedriftsbesøk hos Øen kuldeteknikk AS der teknisk leiar Frode Øen orienterte om og viste rundt i verksemda som vart starta opp kring 1980. Den solide bedrifta med kring 15 tilsette driv med montering og vedlikehald av kulde- og varmepumpeanlegg – og opererer hovudsakleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Deretter gjekk turen til brannstasjonen som lever på lånt tid. Ordførar Stig Olav Lødemel informerte om at det vert arbeidd med eit par alternativ til den gamle stasjonen som ikkje lenger vil bli godkjend av arbeidstilsynet. Enten må det byggast nytt på tomta ved pumpestasjonen, eller ein må gå for ei løysing med oppgradering og utviding av eksisterande stasjon. Uansett er det snakk ei monaleg investering som det alt er teke høgde for i økonomiplanen.

Mange satsar stort på landbruket i Hornindal. Allereie er det bygt seks nye fjøsar med robotmelkemaskin, mens tre andre er under bygging eller planlegging. Bonde Anders Kristiansen viste fram kva han har gjort av investeringar sidan han flytta heim til Hornindal frå Oslo og tok over garden for få år sidan. No blir melkekyrne melka av robotar styrt via databrikker og eit sinnrikt datasystem. Kristiansen var heilt klar på at denne løysinga er framtida for mjølkebøndene, Tiltaket er arbeidssparande og det gir god dyrevelferd. Leiar i Hornindal bondelag, Anders Hjellbakk, var også med på orienteringa og viste til at landbruket er ei svært viktig næring i Hornindal.

Så stod Hornindal skule som har elevar frå 1. til 10. klasse på besøkslista. Rektor Gro Mikalsen Hundeide hadde mykje positivt å seie om skulen, arbeidsmiljøet og trivselen blant elevane. Ny skule er under bygging og skal etter planen takast i bruk etter haustferien. Det gamle “runde” skulebygget skal så rivast. Rektor Hundeide var også svært nøgd med løysinga der skulen er bygd i tilknytning til Hornindalshallen som er bygda si kulturelle storstove.

Etter lunsj på Havila Raftevold Hotel var det avtalt møte med fastlege Bengt Ingebrigtsen som orienterte om Frisklivssentralen i Hornindal og utfordringar i helsetenesta – også med tanke på den føreståande samanslåinga med Volda.

Til slutt kunne Anders Aarebrot som er direktør ved Havila Hotel Raftevold fortelle om hotellet og kva planar det vert arbeidd med. Mellom anna er det viktig å få til ei utviding av sesongen og ei meir kontinuerleg heilårsdrift.

(f.v. Hallvard Bjørneset, teknisk leiar Frank Øen og Brynhild Lund Notøy på omvisning hos Øen kuldeteknikk AS)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**