Til innhold

Demokratisk kortslutning

I formannskapet denne veka, argumenterte vår Venstre-representant Vevatne nok ein gong for at me må prøva å finna andre enn aktive politikarar til å sitte i styrer for kommunale selskap. Ho hadde forslag til gode kandidatar utanfor politikken, med erfaring, interesse og innsikt som var relevant for dei tre selskapa, der ein del styremedlemmer nå er på val. Det vart i liten grad gjort endring.

Kvifor bør ikkje politikarane sitte i kommunale selskapsstyrer?

  • fordi dette samlar makt på færre hender
  • fordi det gjev ei dobbeltrolle som krev ei ryddigheit som ikkje alle greier å halde
  • fordi det kan bli uklart kvar lojaliteten til den folkevalde ligg; innbyggarane eller bedrifta?
  • fordi det kan svekke tilliten til at heradsstyret greier å vere kritisk bestillar til dei kommunale selskapa
  • fordi fagkompetanse og erfaring bør vere viktigare i eit bedriftsstyre enn politisk representasjon

Valnemnda som skal finne folk til å sitte i politiske styrer, består av gruppeleiar i kvart parti – dvs utelukkande ni sentrale politikarar. To av dei sit sjølv i kommunale styrer. Sju av ni medlemmer i valnemnda sit også i Formannskapet, og skal dermed behandle si eiga innstilling. Me har med andre ord ei ordning der styremedlemmer foreslår seg sjølv, deretter innstiller på seg sjølv, for så å velge seg sjølv. I neste omgang skal dei sette krav og rapportere – til seg sjølv. Dette vil vi kalle ei demokratisk kortslutning.

Dette er ikkje ulovleg. Men det betyr ikkje at det er greit. Det finst kjørereglar. Norsk utvalg for eigarstyring og selskapsleiing rår til at når det skal veljast medlemmer til eit styre, så bør ein unngå styremedlemmer i valnemnda. KS har vore tydelege på at sentrale politikarar bør ikkje sitte i kommunale styrer. Dei påpeikar fleire problemstillingar og uheldige situasjonar, der mange er aktuelle for Osterøy, bl.a. desse tre:

  • når styremedlemmer i kommunale bedrifter også er lokalpolitikarar (på Osterøy har me faktisk to styreleiarar som også sit i formannskapet).
  • når styremedlem i kommunalt selskap løftar tema som dreier seg om økonomiske tilhøve som gjeld selskapet, og er aktiv med i diskusjonen.
  • når oppnevning av styremedlemmer blir fordelt etter partimessig styrke i heradsstyret

Osterøy kommune har tre kommunale selskap: Osterøy utvikling, Opro og Osterøy aktiv. Dei driv godt arbeid, og denne kritikken er ikkje retta mot selskapa. Vår kritikk er retta mot det politiske miljøet, som manglar ei forståing av kvifor oppnemning av sentrale politikarar til styreverv er problematisk.

Openheit, etikk og lokaldemokrati er ei av fire lokalpolitiske kjernesaker for Osterøy Venstre.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**