Energidebatt blåst ut av proporsjonar

Foto: Rebecca Amber

NVE sitt kart som viser potensielle område for utbygging av vindkraft har vekt sterke reaksjonar og sinne. Vestland Venstre meiner NVE må få ei klar bestilling: Legg fram nytt kart!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Første utkast av den nasjonale ramma for vindkraft som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) la fram inneheld eit kart der potensielle område for vindkraftanlegg dekte heile 47 % av Norge. Dersom ein tok heile dette området i bruk vil landet få vindkraft som ville gitt oss 9000 TWh energi, medan Statnett sine analysar antydar att ein treng 15-30 TWh auka vindkraftproduksjon innan 2030 for å nå klimamåla. Noreg sitt behov er vindkraftutbygging som dekker om lag 0,3 % av det svære analyseområdet. Vi forstår derfor ikkje kvifor NVE skal skape så mykje unødvendig uro og støy med eit kart der det kan sjå ut til at halve landet skal teppebombast med vindmøller.

 

NVE skriv:

” For å kunne benytte metoden til å peke ut de mest egnede områdene, mener NVE det bør tallfestes hvor mye vindkraft den nasjonale rammen skal legge til rette for. Vi foreslår å lage to kart der det legges til rette for henholdsvis 15 TWh og 30 TWh ny vindkraft. Disse tallene må ses på som foreløpige, og er basert på vurderinger av nettkapasitet.”

 

Kartet er no redusert frå 43 områder til 13 områder som er eigna for vindkraftproduksjon. Men framleis er 7,5% av Noregs areal innanfor Nasjonal ramme, noko som er langt meir enn kva ein treng for å nå måla.

 

Norge har gode forhold for vindkraft. Vindkraftverk på land har likevel potensielt store konsekvensar for naturen. Naturinngrep, miljøøydelegginga støy, lys, tapt naturmangfald og reduserte naturopplevingar er nokre av problemstillingane. Lokalt er ofte motstanden stor.

 

Skal vi kutte klimagassutsleppa må vi produsere meir fornybar energi og eit mangfald av ulike kjelder kan vere nødvendig. Samtidig må vi ta inn over oss kva utbygginga kan medføre av naturinngrep. Vasskraftutbygging kan gå ut over livet i elva og vindkraft på land kan føre til tap av natur. Vindkraft til havs kan medføre potensielle skader på fisk og fugl. Derfor må ein legge ei restriktiv linje til grunn, men kan samtidig ikkje seie nei til alt. Det er også svært viktig å auke den lokale medverknaden gjennom heile planprosessen. I dag har lokale folkevalde for lita makt til å bestemme i desse sakene.

 

Skal vi få ein betre energipolitikk i Norge må regjeringa og Stortinget ta grep. Først og fremst ved å endre regelverket, slik at kommunestyra får større medverknad i prosessane. Det er også viktig å legge til rette for opprusting av vasskraftverk og linjenett for å auke kapasiteten og økonomien. Ein bør revidere skatteregimet knytt til ulike kraftinvesteringar. Myndigheitene bør løyve pengar til meir forsking på fornybare energiløysingar, spesielt vind- og bølgjekraft til havs. Teknologien for havvind og bølgjekraft bør utviklast. Det grøne skiftet bør i større grad bli retta mot olje- og gassnæringa og dra nytte av offshorekompetansen i arbeidet med dette. Og sist, men ikkje minst må NVE få bestilling på ei ny nasjonale ramme for vindkraft.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**