– Dersom vi skal ha vekst og utvikling over hele landet, må vi klare å knytte utdanning, næringsliv og forsking tettere sammen også ute i distrikts-Norge og gi flere mulighet til etter- og videreutdanning lokalt. Fjordane Virtuelle Campus er et strålende eksempel på hvordan dette kan gjøres. Jeg er glad for at Venstre og de andre regjeringspartiene nå er med å gi drahjelp til å starte opp Fjordane Virtuelle Campus, sier Venstres finanspolitiske talsmann Abid Raja.
Målet med Fjordane Virtuelle Campus er å skape ein felles arena for forsking, utvikling og etter- og vidareutdanning for det sterke elektro- og automasjonsmiljøet i Nordfjord – mellom anna ved å bygge opp lab-fasilitetar og starte opp desentraliserte fagskule- og høgskuletilbod lokalisert i
Nordfjord. Blant måla er å skape 100 nye arbeidsplassar i bedriftsmiljøet, og å gje ungdom utdanningstilbod lokalt som får fleire til å busetje seg i Nordfjord.
Abid Raja fekk presentert Fjordane Virtuelle Campus på eit besøk i Nordfjord nylig, med Eid-ordførar Alfred Bjørlo som vert. Prosjektet har dei siste månadene også blitt presentert for Kommunal- og regionalminister Monica Mæland, Statsminister Erna Solberg og Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.
– Fjordane Virtuelle Campus er eitt av dei mest spennande prosjekta eg har vore borte i, med eit enormt potensiale for vekst og verdiskaping, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (Venstre). – Eg vil berømme bedriftene i elektro- og automasjonsmiljøet på Nordfjordeid for å ha starta denne
satsinga. Å etablere Fjordane Virtuelle Campus passar som hand i hanske inn i den rivande utviklinga som no elles skjer i Eid og elles i Nordfjord innanfor næringslivet. At Stortinget no også kjem på banen og bidreg, syner at det som skjer i Eid no blir lagt merke til nasjonalt, seier Alfred
Bjørlo.