Sunnfjord treng arbeidskraft for framtida

F.v. Elias Slåtten (ungdomskandidat), Åge Avedal, Atle Hamar, Gunn Merete Paulsen og Elisabet Kjerstad Bøe. , Foto: Sunnfjord Venstre

“Det er ikkje lenger nok å satse på «heimflytting», vi må tenke større, meir heilskapleg og heilt nytt,” skriv toppkandidatane Atle Hamar, Gunn Merete Paulsen, Åge Avedal, Elisabet Kjerstad Bøe og Elias Slåtten i dette innlegget.

Rekruttering av arbeidskraft er ei av dei viktigaste utfordringane i Sunnfjord i åra som kjem. I 2025 har ein fjerdedel av dei som er i arbeid i fylket i dag blitt pensjonistar. Vi vil ikkje greie å rekruttere nok arbeidskraft til verksemder i privat og offentleg sektor, utan at vi som kommune og fylke jobbar aktivt med å skaffe denne. Det er ikkje lenger nok å satse på «heimflytting», vi må tenke større, meir heilskapleg og heilt nytt. Vi treng ein gjennomarbeidd arbeidskraftstrategi i nye Sunnfjord kommune. Særleg må vi i større grad sjå mulegheitene i arbeidsinnvandring.

Regionen vår har god fart i næringslivet, og private verksemder i fleire bransjar vil ha trong for meir folk i åra som kjem. Der er stort behov for arbeidskraft både innanfor bygg og anlegg, teknologi, utdanning, helse, pleie og omsorg. Små kull som kjem inn i arbeidslivet kompenserer ikkje for dei som går ut av jobb. Dette er ei kjempeutfordring for både privat og offentleg sektor. Det er difor svært viktig at private verksemder, kommunen og statlege etatar no set seg saman og meislar ut ein arbeidskraftstrategi for regionen.

For å få fart på rekrutteringa av arbeidskraft må vi:

  • Etablere kontakt og samarbeid med ein eller fleire regionar i Europa som har ledig arbeidskraft, og som kan busetjast i kommunen. Sunnfjord kommune må vere klar med norskopplæring og tilbod om bustad. Noko tilsvarande vart gjort på 90-talet, i eit samarbeid med Gävleborg region i Sverige.
  • Kommunen må samarbeide med institusjonar i regionen, som NOREC i Førde, UWC i Fjaler og NAV Eures, om rekruttering og inkludering av arbeidsinnvandrarar som vi treng i sysselsetjinga framover.
  • Skape tettare kopling mellom bedrifter og dei tekniske og yrkesretta utdanningane på Mo og Øyrane vidaregåande, Fagskulen og Høgskulen på Vestlandet for å knyte elevar, studentar og bedrifter saman i eit langsiktig løp.
  • Kvalifisere den delen av arbeidsstyrken som er utanfor arbeidsmarknaden til jobb, gjennom tett samarbeid med NAV.
  • Auke rekrutteringa av dei som tek høgare utdanning, både i Sunnfjord og andre stader. Tidleg og tettare kopling mellom student og bedrift.
  • Sunnfjord kommune må jobbe godt med omdøme, og ha som mål å vere ein attraktiv region med eit godt jobbtilbod, gode oppvekst- og bumiljø, og kultur- og idrettstilbod som gjev folk ei aktiv og god fritid. Dette rekrutterer arbeidskraft i seg sjølv!
  • Arbeidskraftstrategien kan ikkje berre handle om omdøme og rekruttering, men må også ta føre seg inkludering av dei som vel å flytte hit.

Skal vi få fart på Sunnfjord treng vi eit mangfaldig arbeidsliv, og kommunen har eit ansvar for å legge til rette for dette!

Sunnfjord Venstre: Atle Hamar, Gunn Merete Paulsen, Åge Avedal, Elisabet Kjerstad Bøe, Elias Slåtten. Toppkandidatar til kommunevalet 2019.