Lesarinnlegg
No ventar ein god sommar på dei fleste av oss. Nokre har allereie teke sitt første bad i år, og opplevd det gode med å bade ute. Vi er heldige her i Noreg, vi har enorme mengder reint og friskt vatn å boltre oss i. Innsjøar, lokale vatn og sjøen – over heile landet. På Søre Sunnmøre har vi fleire populære badeplassar, som er mykje brukt av både små og store når temperaturen tillet det. Det er både forfriskande, ei god oppleving og frigjerande for dei av oss som meistrar vatnet. Dei som meistrar å symje, kan klare å redde eige liv om ein fell ut av kajakken, robåten eller frå bryggekanten. For dei er det også fint å vere i kontakt med vatn. Men slik er det ikkje for alle.
Også denne sommaren kjem nokon diverre til å misse livet, og familiane sine kjære, fordi symjekunnskapane ikkje har vore på plass og mange ikkje er i stand til å redde eige liv i kontakt med vatn. Diverre skjer dette kvart år, og det er ofte born og ungdom involvert. Fakta er at Noreg er dårligast av alle land i Norden når det kjem til symjekunnskap hos born. Dette målast likt for alle 10-åringar i heile Norden. Og alarmerande nok er det berre 50 % av våre norske 10-åringar som er symjedyktige. Vi ligg langt bak andre skandinaviske land. Og det her i Noreg, som har den nest lengste kystlinja i verda!
Det er viktig å gjere endringar når vi veit at det norske skuleverket ikkje har vore i stand til å gje tilstrekkeleg symjeundervisning til alle. Det handlar ikkje nødvendigvis om at symjeundervisninga som blei gitt var så dårleg, men uansett grunn har berre halvparten av borna klart å bestå symjeprøva.
For å forstå betre inviterte vi i Venstre samtlege aktørar i symje-Noreg til Stortinget med spørsmål om kva Venstre kunne gjere for å ruste born betre for den aktiviteten, som mange ser på som sjølvsagt. Svaret frå alle aktørane som er symjeekspertar var; opplæringa må starte tidleg. Helst allereie i barnehagen. Med desse klare anbefalingane til oss i Venstre tok vi difor initiativ til ei heilt konkret ny ordning, som vi med handa på hjartet kan sei har kome på plass takka vere oss i Venstre.
Ordninga er gratis symjeopplæring i barnehagane. Den fungerer slik: Stortinget løyver pengar til symjeopplæring i barnehagane. Barnehagane søkjer på midlane via Fylkesmannen. Dei barnehagetilsette tek med seg borna frå barnehagen til den lokale symjehallen. Der står symjekunnige vaksne klare til å ta imot borna. Dei står for opplæringa, ikkje dei barnehagetilsette. Alle utgifter med dette vert dekka av staten over statsbudsjettet. Det er ingen skjult eigenandel med lita skrift.
Fleire av kommunane her på Søre Sunnmøre nyttar seg av tilbodet, men det er ikkje slik overalt, og kanskje er ikkje ordninga godt nok kjent endå? Vårt mål med innlegget er å la ordninga bli kjent for endå fleire, slik at så mange born som mogleg, både i våre kommunar og elles i landet nyttar seg av tilbodet Venstre har fått på plass. Det er ei viktig oppgåve, og vil stå som ei svært viktig prioritering for Venstre etter kommunevalet til hausten. Venstre skal få borna i kommune-Noreg til å bli dei beste symjarane i Skandinavia. Vi har rett og slett ikkje råd til at våre born druknar i leik. Og når ordninga i tillegg er gratis, bør alle kommunar og alle barnehagar nytte seg av tilbodet.
Venstre har sikra heile 66 millionar kroner til symjeopplæring for dei eldste barnehageborna, 5-åringane, årleg! Vi manglar nokre millionar på statsbudsjettet til å kunne garantere symjeundervisning til samtlege 5-åringar i barnehagen. Beløpet har gradvis auka heilt sidan vi fekk starta opp ordninga i 2015, og vi er snart der at nærare 100.000 born har kunna fått denne symjeopplæringa i barnehagen. Fordi det er fleire kommunar og barnehagar som ikkje nyttar seg av tilbodet, klarer ikkje regjeringa å bruke opp pengane som er løyvd. Og, om ikkje alle midlane som er løyvd vert brukt, får Venstre i finanskomiteen på Stortinget heller aldri auka potten i statsbudsjettet. Vert potten brukt opp skal vi i Venstre nok også få gjennomslag til å auke potten. Hjelp oss med å auke potten. Ta ordninga i bruk!
Samtidig med dette har Venstre følgt opp og meint at symjeopplæringa bør kome tidlegare på planen i skulane. I framlegg til nye læreplanar som no er på høyring, er det forslag om å sette krav om tidlegare vasstilvenning, med von om at fleire skular gir tilbod om leik i bassenget allereie i 1. klasse, slik at ein er trygg i vatn i 2. trinn. Vi i Venstre meiner nemleg at opplæringa må starte tidligast mogleg. Om borna då i tillegg har fått med seg symjeopplæring frå barnehagen, vil vår politikk her vere livreddande.
Ein av oss, og kanskje den mest dumdristige, deltok i tv-programmet 71 grader nord i 2011 og fekk då kjenne på kroppen kva manglande symjekunnskap kan føre til. Utfordringa var å hoppe frå ein båt og symje i land. Null problem! I kontakt med vassflata kom panikken. Å feilaktig tru at ein kan symje, attpåtil i urolig sjø, var ikkje eit godt utgangspunkt. Manglande symjekunnskap gjorde møtet med vatnet til ei sterk påkjenning. Ikkje lenge etter blei ny symjeopplæring gjennomført og i midten av 30-åra kom symjeferdigheitene endeleg på plass.
Som rikspolitikar, fylkestingspolitikar og lokalpolitikarar skal vi saman gjere ein innsats for å få alle våre barnehagar med på ordninga. Vi håper å ha deg som forelder eller besteforelder til eit born som går i barnehagen eller på skulen, eller du som sjølv jobbar i barnehagen, skulen eller symjeklubben med på laget. Ambisjonen må vere at borna på Søre Sunnmøre skal bli best av alle blant kommunar i heile Norden!
Abid Raja, stortingsrepresentant for Venstre og symjedyktig i ein alder av 35
Lena Landsverk Sande, ordførarkandidat for Vanylven Venstre og 4. kandidat for Møre og Romsdal Venstre
Annika Brandal, ordførarkandidat for Hareid Venstre
Gunnar Knudsen, ordførarkandidat for Ørsta Venstre
Hallvard Bjørneset, ordførarkandidat for Volda Venstre