Bygg først ny ungdomsskule og ny symjehall – deretter kulturhus saman med u-skulen

Volda Venstre

«Sist veke blei det klart at vi må framskunde bygging av eit nytt symjebasseng som kan nyttast både til opplæring og konkurranse. Dette blir ei av fleire store investeringar som Volda no står framfor. Desse investeringane er nødvendige for at vi skal gi ungane lovpålagd undervisning, men fører også til faretruande høg gjeld. Det betyr at vi må bygge smart og sjå fleire prosjekt i samanheng for å utnytte synergiar.

Venstre vil prioritere lovpålagde oppgåver, og vil ha følgjande rekkefølgje:

  1. Ungdomsskule, byggesteg 1 skuledelen (skal fungere godt som som fullverdig skule, uavhengig av byggesteg 2)
  2. Symjebasseng. Om lag samstundes bør vi bygge symjebasseng, helst bygd saman med Volda Campus Sparebank1 Arena.
  3. Ungdomsskule, byggesteg 2 kulturhusdelen.«

Dette skriv Hallvard Bjørneset – ordførarkandidat for Volda Venstre, og Benedikte Holmberg – gruppeleiar for Venstre, i eit innlegg i dagens «Møre» (23.05.19). I innlegget skriv dei vidare:

«Vi er alle utolmodige etter å kome i gang med å bygge ein ny ungdomsskule, og la det vere heilt klart: For Venstre er dette det neste store byggeprosjektet som står først i køen, og som skal stå ferdig så raskast mogeleg. Sjølve bygginga kan starte hausten 2020 når VCA står klar og kan erstatte dei gamle gym-salane, slik at dei kan rivast for å gi plass for ein ny ungdomsskule. Tida før vi kan sette spaden i jorda, må nyttast godt. Vi vil at elevane på den nye skulen skal kunne sjå tilbake på ungdomsstida si og tenkje at her var det flott å vekse opp! Det er difor vi bør ha ambisjonar om noko meir enn å bygge ein «ordinær» skule.

Tenk nytt når det skal byggast nytt!

Difor vil Volda Venstre droppe planane om å bygge kulturhus på den tronge tomta ved det gamle samfunnshuset. I staden bør vi bygge kultur hus saman med den nye ungdomsskulen – i eit byggesteg 2. Her kan vi få ein ungdomsskule som i tillegg til «ordninære» klasserom og spesialrom kan gi elevane tilgang ti lkinosal, kultursal, eit moderne folkebibliotek, kantine og andre fellesareal som kan nyttast i undervisninga slik at summen av det heile blir svært bra for både elevar og lærarar. Dette kan også opne for utvikling av nye spennande valfag, t.d. innan kulturproduksjon. Ein ordinær ungdomsskule pleier å stå tom etter skuletid, og eit kulturhus har også problem med å fylle huset med aktivitet på dagtid. Bygger vi desse bygga saman, vil vi gjennom sambruk få synergiar og aktivitet frå morgon til kveld, slik som Operahuset/VGS på Eid og fleire andre liknande samlokaliseringar kring om i Norge.

Argumenta for dette er mange

  1. Kommunen sparer både tid og ressursar ved at ein planlegg eitt byggeprosjekt i staden for to. Dette kan framskunde byggestart.
  2. Kommunen eig tomta kring ungdomsskulen, men må betale bygsleavgift for deler av tomta dersom ein skal bygge kulturhus ved det gamle samfunnshuset.
  3. Nærleik for barn og unge til ulike fritidsaktivitetar, til dømes kinoen, kulturskulen og Volda Campus Sparebank1 Arena.
  4. Den store tomta ved ungdomsskulen ligg så godt i terrenget at den kan vere godt eigna til å romme ein kultursal med stor takhøgde. Ein kan ha terrasse med god utsikt over Volda og fjorden, med nærleik til Spinneriet og resten av sentrum.
  5. Nærleik til store parkeringsplassar, både ved Øyra skule, høgskulen og Volda Campus Sparebank1 Arena.

Betre skule og kultur for kvar krone

Den nye skulen skal bli eit naturleg samlingspunkt for å bygge eit rikt og variert lokalsamfunn. Det vi no skal bygge, skal stå i lang tid framover. Vi bør difor vere sikre på korleis vi skal bruke fleire hundre millionar kroner på den beste måten. Ved å bygge kulturhuset og ungdomsskulen saman, vil det utløyse synergiar som gjer at vi kan få meir skule og kultur for kvar krone. Denne ideen brenn vi verkeleg for, og difor har Volda Venstre engasjert ein arkitekt for å teikne skisser for korleis dette kan bli. Så er det opp til veljarane å avgjere kva dei ynskjer – eit ordinært skulebygg, eller Venstre sin ide. Denne muligheita kan vi ikkje la gå frå oss,» avsluttar Bjørneset og Holmberg i innlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**