Interpellasjon til kommunestyremøte 23.05, frå Hareid Venstre
Tema: Barnetråkk
I samband med arbeidet som no er starta opp med trafikktryggingsplan, og seinare arbeid med kommuneplanen, er det viktig at alle aldersgrupper vert hørt.
Dette kan vere ei utfordring, spesielt for dei yngste. Borna har behov for eit stort bevegelsesrom, trygg skuleveg og dei har meiningar om sine omgivelsar. Born og unge har lovfesta rett til medverknad, men det er ofte vanskleg å gjennomføre i praksis.
Norsk design- og arkitektursenter har, i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Universitetet i Bergen, utvikla eit undervisningsopplegg dei kallar Barnetråkk. Eit engasjerande undervisningsopplegg for demokratiopplæring, der born og unge enkelt kan registrere og kartfeste digitalt korleis dei brukar sitt nærmiljø. Resultata kan sendast til planleggar i kommunen, som kan bruke det vidare i arbeidet med planverk i kommunen, og lokalpolitikarar kan også få innsyn i dette. På denne måten kan borna også få erfaring med og bevisstheit om korleis kvar enkelt kan påvirke gjennom demokratiske prosessar.
Ei erfaring og bevisstgjering på korleis borna kan påvirke vil også gjere både dei, foreldre og lærarar meir bevisste også seinare. Dette er positivt med tanke på lokaldemokratiet vårt.
Hareid Venstre meiner det er viktig at vi legg så godt rette som muleg for at alle aldersgrupper blir hørt i planprosessar. Dette undervisningsopplegget har gitt gode resultat i andre kommunar, og vi meiner difor vi bør sjå nærare på om dette kan takast i bruk også her.
Vi ynskjer at saka blir sendt over til administrasjonen for vidare arbeid.
Meir informasjon om Barnetråkk ligg på www.barnetrakk.no.
Med helsing
Annika Brandal
Jenny Helen Korsnes
Hareid Venstre
Foto frå nettsida til Barnetråkk.