Valprogram 2020-23

Valprogram Stad Venstre
Illustrasjon: Stad Venstre

Venstre vil gje fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Ein Stad for alle

Venstre har hatt ordføraren i Eid dei siste åtte åra. Perioden under Venstre sitt leiarskap er prega av godt samarbeidsklima og stor gjennomføringskraft. Det har vore ein vekstperiode med auka folketal og mange nye prosjekt, både private og offentlege. Venstre vil at denne utviklinga skal halde fram i heile Stad kommune.

Eit sterkt Venstre vil vere garantisten for at den nye kommunen har gjennomføringskraft og samarbeidsånd – og vil skape eit trygt og godt lokalsamfunn der fleire vil bu og drive næring.

Stad Venstre sine 39 kandidatar på lista til kommunevalet 2019 er klare for å gjere ein innsats for Stad. I Stad skal du få omsorg når du treng det, ha ein god plass å vekse opp, og vi skal legge til rette for nyskaping, nye arbeidsplassar og grøn vekst. Saman skal vi ta Stad inn i framtida.

Røyst Venstre ved lokalvalet i Stad kommune, 9. september 2019!

Innhald

Programmet er vedteke på medlemsmøte i Nordfjordeid, 11. juni 2019:

Skule og oppvekst

Nyskaping og grøn vekst

Helse og omsorg

Klima og miljø

Kultur, idrett og fritid

Ein sterkare region

Last ned

Stad Venstre program 2020-23 kort versjon

Stad Venstre sitt program for perioden 2020-23

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**