Gjennomslag: Betre sjukepengeordning for sjølvstendig næringsdrivande

Venstres jobber for flere arbeidsplasser
Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre., Foto: Elias Dahlen

Venstre har fått gjennomslag for å betra sjukepengeordninga for sjølvstendig næringsdrivande. Gjennomslaget kjem i samband med revidert budsjett for 2019.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

– Venstre sitt mål er å senka terskelen for å starta for seg sjølv og å gjera det tryggare. Me heiar på dei som skapar jobbar, og ynsker å gje sjølvstendig næringsdrivande like gode rettar som andre arbeidstakarar. Om du er gründar og vert sjuk får du i dag 75 prosent lønskompensasjon. Frå 1. oktober i år vil det hevast til 80 prosent, seier parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik.

Gode velferdsordningar for fleire bein å stå på

Breivik held fram:

– Venstre har jobba jamt og trutt for å auka sjukepengane for sjølvstendig næringsdrivande. I 2017 fekk dei berre 65 prosent av løna utbetalt ved sjukdom. Då vert det sårbart å starta for seg sjølv, som er å ta ein økonomisk risiko i seg sjølv. Gode velferdsordningar for dei som startar for seg sjølv handlar om å støtta dei som gjer oss fleire bein å stå på. Me er eit samfunn i omstilling, og treng alle som skapar og innoverar.

Me er eit samfunn i omstilling, og treng alle som skapar og innoverar.

Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre

Store gjennomslag

Dei siste seks åra har Venstre fått gjennomslag for betre pensjons-, fødselspenge- og sjukelønsordningar for gründarar. I regjeringsplattforma frå Granavolden står fleire punkt som skal gjera det enklare for dei som startar opp, og for små og mellomstore verksemder. Blant anna skal gründarar få utvida rett til dagpengar, det skal utgreiast om dei skal få betala skatt etterskuddsvis, og opsjonskatteordninga skal betrast.

– Me vil ikkje at folk skal velga vekk å starta si eigen verksemd på grunn av for dårlege velferdsordningar. Tvert imot treng me insentiv som gjer at fleire tar steget, seier Breivik

Kan få fleire kvinner til å gründa

Breivik trur ein betre sjukepengeordning kan bøta på ein nedslåande statistikk:

– Ein effekt eg håpar me ser når me styrker dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande, er at fleire kvinner vel å skapa sin eigen arbeidsplass. I dag er berre 20 prosent av dei som startar AS, kvinner. Forsking indikerer óg at hovedgrunnen til kjønnsgapet blant norske gründarar skuldast systematiske forskjellar mellom kvinner og menn når det kjem til risikoaversjon og konkurransevilje.

Han meiner ting er på rett veg:

Me har eit mål om at fleire skal gründe, og det betyr at me må redusera risikoen. Det får Venstre i regjering til, slår han fast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**