Venstre-politikar Grunde K. Almeland besøker denne helga Volda og Ørsta i samband med Bygdepride 2019.
Han skal mellom anna ta del i arrangementet på Ivar Aasen-tunet, og laurdag blir han å finne i bygdepride-paraden gjennom Volda-gatene – saman med lokale Venstre-folk. Sundag står båttur frå Brandal til Sæbø i regi av Hareid Venstre på programmet. Almeland er medlem av familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Han har vore nestleiar i Unge Venstre i perioden 2015 – 2017.