Eit ønskje om ein høvisk valkamp

Dette lesarinnlegget frå Osterøy Venstre står på trykk i Bygdanytt, men bak betalingsmur, så me legg det også ut her:

Det stundar no til valkamp. Gjennom sumaren og inn i hausten skal me politikarar freiste å overtyde veljarane om at nett vårt parti har dei beste løysingane for Osterøy framover. Osterøy Venstre har, til liks med dei fleste andre, gjort klart eit valprogram og vald våre kandidatar til heradsstyret.

Me er klar til debattar, stands, oppslag og lesarbrev i lokale nyhetsmedia og på sosiale media. Der skal me møte representantar frå dei andre partia høfleg og med respekt. Dei brenn for sine saker, på same vis som oss. Dei vil det dei meiner er best for Osterøy, på same vis som oss.

Tonen mellom partia på Osterøy har til tider vore anstrengt. Tonen mellom enkeltpersonar i politikken har til tider vore langt meir enn anstrengt. Med alt som har vore av lovlegkontrollar, framlegg som vitnar om mistillit, vedtak om ugildskap og nokre gonger reine ukvemsord kan det vere vanskeleg å halde hovudet klart og ha høvisk ordbruk i dei politiske møta. Vanskeleg, men langt frå umogleg.

Ikkje alle ser det same alvoret i Osterøy sin situasjon som Osterøy Venstre. Ikkje alle ser dei same løysingane på Osterøy sine utfordringar som me gjer. Når måten ein beskriv verkelegheit og løysingar på vert så ulik som ho ofte er, kan det opplevast som at ein er på ulike planetar. Då kan god dialog og debatt vere vanskeleg. Men om alle som deltek i debatten går inn for det, så får me det til. Saman. Det held å nytte god folkeskikk, ikkje tillegge andre meiningar dei ikkje har, og respektere kvarandre sjølv om ein ikkje er samde.

Folk på Osterøy har krav på at me gjer så godt me kan for å skapa eit Osterøy der me kan se kvarandre i augene og leve godt saman også etter valet 9. september. Uansett valresultat.

Godt val.

 

Bjørn Tore Sund, Andrekandidat Osterøy Venstre

Kjersti Ingolvsdotter Vevatne, Ordførarkandidat Osterøy Venstre