Volda Venstre støttar opp om bygdepride-arrangementet som går av stabelen i Volda og Ørsta dagane 8. til 12. mai. Ikkje minst er det viktig å slutte opp om parademarsjen gjennom Volda laurdag ettermiddag. Alle Venstre-medlemmer, listekandidatar og sympatisørar blir oppmoda om å stille i paraden.
Venstre er landets sosial-liberale parti som alltid har hevda og kjempa for den grunnleggande retten til fridom for kvar einskild – kombinert med ansvaret for fellesskapen. Vi ynskjer oss eit Volda der det skal vere trygt å vekse opp og godt å bu uansett legning og haldning. Vi ynskjer oss fridom, mangfald og toleranse også når det gjeld kjærleik. Fridom til å vere som ein er, og fridom til å elske den ein vil.