I år er det 100 år sidan Stortinget vedtok at alle myndige menneske skulle ha røysterett. Før dette vedtaket mista dei som fekk fattigstøtte- liknande det vi i dag kallar sosialhjelp- faktisk røysteretten. Men i 1919 vart grunnlova endra og vi fekk allmenn røysterett.
For oss som bur i Norge i dag, er det vanskeleg å sjå føre seg eit samfunn der du ikkje har røysterett fordi du er fattig. Men røysterett for alle har ikkje kome av seg sjølv. Fram til 1913 fekk berre menn røyste. Før 1885 var det berre menn som eigde jord som fekk delta i demokratiet. Og på den tida var ikkje det så mange. Seinare har røysterettsalderen vorte senka ei rekkje gangar, til dagens 18 år.
Norges historie er også – blant mykje anna – ei historie om korleis demokratiet vårt stendig har vorte utvida til å omfatte fleire og fleire. Røysterett er noko vi tek som ein sjølvfølgje i Norge. Men slik er det ikkje i alle land. I Pakistan, der foreldra til ein av oss som skriv dette innvandra frå, til Norge i 1971, har omfattande korrupsjon gjort at avgjerder ikkje er demokratiske, sjølv om mange deltek i val. Avgrensingar i ytringsfridom, pressefridom eller forbod mot å organisere seg i parti som er i opposisjon til landets regjering er andre kjende måtar å avgrense demokratiet på rundt om i verda.
Vi ser i dag over heile verda at makthavarar vil avgrense folkets deltaking i samfunnet. Verdas største land, Kina, gjer det forbode å kritisere presidenten. I India er fattigdom eit hinder for mange som ønskjer å bruke røysteretten sin. Og i Saudi-Arabia risikerer folk å bli fengsla fordi dei kjemper for rettar vi tek for gitt – som kvinners rett til å ferdast åleine, kle seg slik dei sjølv ønskjer eller ytre seg slik dei kjenner for.
Venstre har alltid kjempa for å gi fleire røysterett – til kvinner, til fattige og til stadig yngre menneske. I våre dagar handlar kampen for å styrke demokratiet også om å inkludere fleire – om å gi innvandrarkvinner makt over eige liv ved å kome i arbeid, om å gi barn ein oppvekst fri frå vald og overgrep. Om å gi rusavhengige hjelpa dei treng for å ta tilbake kontrollen over livet sitt, og om å skape arbeidsplassar over heile landet, så folk kan leve sine gode liv der dei sjølv vil bu og leve.
Kampen for demokratiet vårt tek aldri slutt. Difor er det viktig å feire dei historiske seierane vi har vunne, for å gi fleire høve til å seie si meining og å røyste i val. Når vi på Stortinget i år feirar den allmenne røysteretten, håpar vi folket vert med – og den beste måten å vere med er å bruke røysteretten din. Det er den største hyllesten du kan gi til røysteretten: faktisk å bruke den i hausten fylkestings- og kommuneval.
Kari Grindvik (V), ordførarkandidat i Ålesund kommune Abid Raja (V), visepresident på Stortinget