Rydd ei strand du òg!

Illustrasjon: Venstre

Sesongen for strandrydding er i gang. Skal vi redusere skadane frå plast i naturen må alle ta eit tak!

I fjor plukka frivillige mange hundre tusen tonn plast frå strender og ved elvebreidder. Plast i naturen er øydeleggande på minst tre måtar. For det første kan dyr bli skada når dei viklar seg inn i fiskegarn, kablar eller anna avfall. For det andre kan fisk, dyr og fugl forveksle plastbitar med mat. Plasten kan sette seg fast i halsen eller hamne i magen og hindre opptak av næring. For det tredje kan små plastpartiklar med kjemikaliar og miljøgifter bli tatt opp i næringskjeda og ende på middagsbordet. Dette er den mest usynlege, men kanskje farlegaste skadeverknaden, sjølv om vi førebels ikkje veit nok om korleis dette kan påverke helsa vår.

Plast forsvinner eigentleg aldri, den blir berre brote ned i mindre og mindre bitar, til stor potensiell skade for dyr og menneske. Naturen vår er sårbar. Derfor må vi bruke mindre, kaste mindre og rydde meir. Gjennom «Strandryddedagen» har fleire tusen frivillige rydda sine lokale strender både langs kysten og i innlandet. I 2017 rydda nordmenn over heile landet 1400 tonn marint avfall!

Vi må også kvitte oss med plasten før den kjem i havet. Regjeringa med Venstre i front vil forby visse typar eingangsplast, som plastbestikk, q-tips og sugerøyr. Det var Venstre som oppretta budsjettposten med tiltak mot marin forsøpling i 2015. Den var då totalt på 10 millionar kroner og er auka til 65 millionar kroner i 2019. Vi har også fått gjennomslag i regjeringa for at Norge skal løyve 400 millionar kroner i 2019 til det internasjonale arbeidet med plast i havet, mellom anna for å få på plass god avfallshandtering i fleire land.

Enormt mange nordmenn blir med å rydde i løpet av strandryddeveka. I fjor deltok rekordmange, heile 90 000. Sunnfjord Venstre inviterer til ryddeaksjon langs Jølstravatnet på laurdag 4. mai frå kl. 12.00. Vil du vere med oss, så møt fram ved Gjesthalla, ungdomshuset nedanfor Vassenden skule.

Styret i Sunnfjord Venstre: Åge Avedal, Vigdis Tonning, Birgit Tansøy, Eivind Husabø og Ole-Magnus Kapstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**