På stafettlag for biene

Foto av stafettlaget
Stafettlaget etter målgang: Trude Risnes (f.v.), Eyvind Øgar, Are Kvistad og Maria Knagenhjelm., Foto: Sogndal Venstre

«Vi gjer det for biene» var mottet da Sogndal Venstre stilte med stafettlag på ski- og terrengløpet «Kjeringi Open» i helga.

Det var 27. gongen den tradisjonsrike konkurransen gjekk av stabelen i Leikanger, eit løp som går frå fjell til fjord og som gjerne er omtala som «Vaorens vidlaste eventyr». Løpet starta som vanleg med fellesstart på ski frå fjelltoppen Kjeringi (1314 moh.), veksla til terrengløp og så over til landevegsløp og sykkel som tredje og fjerde veksling.

Omlag 300 deltakarar stilte til start i år. Eitt av de nye laga på startstreken var «På lag med småkrypa» med listetopp Trude Risnes i spissen. Ho hadde fått med seg Eyvind Øgar, Maria Knagenhjelm og Are Kvistad på dei fire etappane. Utstyrt med småkrypbuttons og utstyr frå Venstres vårkampanje, delte stafettlaget ut frøposar og brosjyrar undervegs og i målområdet.

– Kjeringi Open er eit løp alle kan vere med på, dei med sterkt konkurranseinstinkt og vi som mest er med for skøy. Vi hadde det moro og fekk samtidig formidla den viktige bodskapen frå Venstres vårkampanje. Vi fekk mange gode tilbakemeldingar frå folk som fekk litt å tenkje på – og alle sette pris på å få ein frøpose som dei kan bruke i hagen sin, sier lokallagsleiar Are Kvistad.

Sogndal Venstre kjem til å bruke kampanjen også i samband med andre arrangement framover, blant anna neste helg når mange festivalglade folk samlast i Balestrand til «Balejazz».

Og plasseringa? 8. plass i klasse Kombi Veteran. I den klassa det deltok ehh… 8 lag… Men moro var det!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**