Besøk til Mork Rehabiliteringssenter

Stortingspolitikar og helsepolitisk talsperson i Venstre, Carl-Erik Grimstad og Pål Farstad (V), fylkesordførarkandidat for Møre og Romsdal, vitja Mork Rehabiliteringssenter saman med representantar frå Venstrelaga på Søre Sunnmøre torsdag 25. april.

Vi skal vere med å kjempe for at Mork framleis skal vere leverandør av spesialisthelsetenester for menneske som treng denne hjelpa. Takk til dyktige tilsette som viste oss rundt, og informerte om viktigheita av dei tenestene Mork leverer. Flott at klinikksjef Jorunn Bøyum og avdelingssjef rehabilitering Steinar Gjærde også stilte.

Takk til helsepolitikar Carl-Erik Grimstad, som prioriterte Mork framfor Stortinget torsdag 25.04.19. Pål Farstad har teke Grimstad gjennom fylket i dag, og vist fram utfordringane vi har innanfor helseområdet i Møre og Romsdal no. Vi må finne løysingar som set folk først.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**