Avdelingsleiar Vivian Maridal viste rundt i fjerde etasje og dela erfaringane dei så langt har gjort seg og ikkje minst korleis dei tenkjer rundt tenestene i denne delen av kommunen.
Rommet du vert tildelt har du, med få unntak, så lenge du bur der. Og endrar behovet for pleie seg undervegs er det ikkje du, men dei tilsette som flyttar på seg mellom avdelingane.
-Vi kom i prat med tre trivelege damer som budde på avdelinga og dei syntest dei hadde det bra. Ei av dei kunne nok tenkt seg meir turar ute, medan den andre repliserte at ho berre gjekk ut på altanen og tok promenaden der. Og utsikta var strålande- panorama ut over Tennfjorden og utover mot Ellingsøyfjorden, seier Grindvik.
Maridal er oppteken av kvardagsmeistring og at dei daglege gjeremåla må vere ein naturleg del av aktiviteten for kvar einskild bebuar. Skiljet mellom aktivitet og pleie må vere glidande og stimulering trengs i passande mengde. Nivået og behovet for stimulering er ulikt for oss alle, noko som også gjeld for dei som bur på eit omsorgssenter.
Dei pårørande er ein viktig ressurs og difor er pårørandesamtalen også ein del av det dei fokusera på. Får du besøk kan du ta med deg gjestande dine til den innbydande kafeen i første etasje, her diskar kjøkkenet opp med fristande kaker og god mat. Også fleire tilsette var innom for å kjøpe seg ein matbit. Vi snakka med blide, engasjerte og dyktige medarbeidarar på kjøkkenet.
-Ernæringsfagleg kompetanse er viktig for å gi eit komplett tilbod, så her fekk vi gode tilbakemeldingar når vi lufta tankane Ålesund Venstre har om eige kjøkken på fleire institusjonar i den nye kommunen, sa Grindvik.
Kompetanse generelt, samt rekruttering var også tema for samtalen med Maridal. Vi må ha vilje til både å etterspørje og betale for spesialisering innan mellom anna geriatri, miljøterapi, palliasjon og ernæring. Det nærmar seg no eit generasjonsskifte for sjukepleiarar og kampen for å nå dei unge sjukepleiarane er viktig. Jobben no er å løfte fram moglegheitene som ligg innan kommunal pleie og omsorg og gjere det like attraktivt som akuttmedisin. Samhandling, kreativitet og nye idear tek oss opp til neste nivå og morgondagens tenester.