Førstkomande torsdag (25. april) kl 18.00 blir det ope møte med stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad (V) og fylkesordførarkandidat Pål Farstad (V) på møterom i Ørstahallen (Holmegata 20). Grimstad som er medlem av Stortingets helse- og omsorgsmodell og helsepolitisk talsperson for Venstre, innleier. Tidlegare på dagen skal Grimstad og Farstad m.a. besøke Mork Senter som er nedleggingstruga. Møtet kjem i stand som eit fellesopplegg mellom Venstre-laga på Søre Sunnmøre. Medlemmer, listekandidatar, sympatisørar og andre interesserte er hjarteleg velkomne innom.