Carl-Erik Grimstad (V) og Pål Farstad (V) vitjar Mork Senter

Venstre

Stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad og fylkesordførarkandidat Pål Farstad skal besøke Mork Senter torsdag 25. april. Saman med representantar frå dei lokale Venstre-laga på Søre Sunnmøre skal dei to ha drøftingar med leiinga og tillitsvalde ved rehabiliteringssenteret. Grimstad er medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Fylkesordførarkandidat Pål Farstad har nyleg – ikkje minst med erfaring frå Møre og Romsdal – tatt til orde for at dagens føretaksmodell som styringsform ikkje er eigna for å drifte spesialisthelsetenesta. Han meiner difor at ein ny driftsmodell for sjukehusa må opp til vurdering i Stortinget.

(stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad (V)

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**