Hovudårsaka til besøket, er at Breivik og Stang vil besøke Statens Vegvesen sin trafikkstasjon og avdelingskontor på Nordfjordeid, i samband med pågåande omorganisering av Statens Vegvesen. Dagens heilskaplege, desentraliserte organisasjon i Statens Vegvesen blir for tida splitta i tre ulike organisasjonar som kvar skal gjennom ei tilsynelatande ukoordinert omorganisering og sentralisering.
– Eg er djupt uroa over dei planane ei intern arbeidsgruppe i Statens Vegvesen no har lagt fram om ei kraftig sentralisering av Statens Vegvesen sin organisasjon. Dette er heilt i strid med dei politiske gjennomslaga Venstre fekk i Granavolden-erklæringa om desentralisering av statlege arbeidsplassar, med særleg vekt på å styrke bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikta som frå før har få statlege kompetansemiljø, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.
– For meg som Venstre-ordførar er det heilt umulig å godta at staten no raserer eitt av dei siste gjenverande statlege kompetansemiljøa i Nordfjord som del av ei reform Venstre har vore pådrivar for. Eg er difor glad for at Venstre sine mest sentrale politikarar no kjem til Eid for å gjere seg kjende med saka, og ventar at dette no blir løyst både på nasjonalt politisk nivå og i nye Vestland fylke, seier Bjørlo.
Terje Breivik og Gunhild Berge Stang kjem til Eid torsdag ettermiddag, og vil då vere til stades på Operahuset Nordfjord si 10-års jubileumsforestilling. Fredag morgon vil dei besøke maritime bedriftsmiljø i Vågsøy, saman med ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, og Venstre sin gruppeleiar i Vågsøy, Edvard Iversen. Venstre-delegasjonen vil først besøke Stadyard på Raudeberg og sjå på den nye hybridbåten “Trondskjær”, og deretter besøke Måløy Verft og sjå på bygginga av verdas fyrste batteriferje bygd i kompositt.
Etter besøka i Måløy vil Venstre-delegasjonen reise tilbake til Nordfjordeid for besøk og omvising på Statens Vegvesen sitt avdelingskontor på Nordfjordeid, i regi av Statens Vegvesen Region Vest.
Tidsplan:
Torsdag 25. april
1800: Jubileumsforestilling Operahuset Nordfjord
Fredag 26. april
0800: Besøk Stadyard, Raudeberg
0900: Besøk Måløy Verft, Deknepollen
1030: Besøk Statens Vegvesen, Nordfjordeid (Øyane)