Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde, er godt fornøgd med innsatsen frå alle hold. – Ei stor takk til alle gode Venstrefolk i heile fylket som har stått på saman og hjulpet kverandre for å finna gode kandidatar til haustens val, samt støtte frå Venstre sentralt, seier Lunde mandag ettermiddag. Med kommunesamanslåinga kan ein også no for første gong på mange år røyste på Venstre i Rennesøy, som slås saman med Stavanger, samt Forsand, som blir ein del av nye Sandnes kommune.
Her er kommunane Venstre stiller til val i:
- Eigersund
- Sandnes (Sandnes og Forsand blir felles kommune frå 1.1.2020)
- Stavanger (Finnøy, Rennesøy og Stavanger blir felles kommune frå 1.1.2020)
- Haugesund
- Sokndal
- Lund
- Bjerkreim
- Klepp
- Time
- Gjesdal
- Sola
- Randaberg
- Strand
- Suldal
- Sauda
- Tysvær
- Karmøy
Nasjonalt har over 92% av alle i Noreg moglegheita for å røyste Venstre til hausten. Generalsekretær i Venstre, Marit Meyer, kan mandag opplyse at det totalt er 223 Venstrelister i landet, samt 12 felleslister.