«Svært nyttig for oss i Volda Venstre å få til eit møte med statsråden. I tillegg til viktige høgskule-saker, drøfta vi framtida for Søre Sunnmøre Tingrett, trugsmålet om å legge ned rehabiliteringstenestene ved Mork Senter, og nedbygginga av kopar-nettet til Telenor utan at det finst fullgode alternative breibandtenester for kundar i bygdene våre.»
Det seier ordførarkandidat for Venstre i Volda Hallvard Bjørneset etter måndagens møte med forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
«Møtet var både konstruktivt og hyggeleg. Det er viktig for oss som driv lokalpolitikk å kunne knyte gode kontakter inn i regjeringa. Samtidig nytta vi også høvet til å rose statsråden for at det blir satsa på Høgskulen i Volda med bygging av nye studentbustader. 120 bustadeiningar skal stå ferdig til vårsemesteret 2020. I tillegg er det nyleg løyvd midlar til ytterlegare 74 nye bustader», fortel Bjørneset.