Få fart på Sunnfjord! Valprogram 2020-2023

Foto: Åge Avedal

Få fart på Sunnfjord! er tittelen på Sunnfjord Venstre sitt valprogram 2020-2023, vedtatt i medlemsmøte 31. mars 2019.

Last ned heile programmet: Valprogram Sunnfjord Venstre 2020 – 2023

Her er innleiingsteksten til programmet:

Få fart på Sunnfjord!

Sunnfjord kommune har eit godt utgangspunkt for å lukkast i framtida. Vi har eit solid næringsliv, gode bu- og oppvekstforhold og mange engasjerte innbyggjarar. Likevel ser vi at den gode utviklinga er i ferd med å stoppe opp. Vi ser at folketalsveksten har stagnert. Vi vert raskt fleire eldre og mange av ungdomane våre flyttar ut. Denne trenden vil Venstre snu. Vi vil få fart på Sunnfjord att!

Dette er dei viktigaste måla våre:

  • Vekst i Sunnfjord

Jobb nummer ein er folketalsvekst. Sunnfjord skal vere vekstmotoren i regionen. Vi må få folk og næringsliv til å etablere seg i heile kommunen. For å lukkast må kommunen bli framtidsretta og betre på å profilere seg. Kommunen må ta rolla som samfunnsutviklar og innimellom tørre å satse. Vi skal vere synlege nasjonalt og få staten til å satse på oss, mellom anna gjennom fleire statlege arbeidsplassar. Vi må ta ein tydeleg posisjon i nye Vestland fylke. Førde må få same status som Bergen har i Hordaland i dag.

  • Den beste staden å vekse opp

Å sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge er ei av dei viktigaste oppgåvene framover. Vi skal sikre dette for dei som bur her i dag og vere attraktiv for familiar som flytte hit. Gode barnehagar og skular, rike fritidstilbod og trygge lokalsamfunn er viktige kvalitetar som Sunnfjord Venstre vil satse på.

  • Kultur- og fritidsaktivitetar for alle

Sunnfjord Venstre vil styrke frivillig sektor. Vi vil få endå fleire aktive innan kultur- og organisasjonslivet. Idrett og friluftsliv er viktig for samhald, inkludering, meistring og folkehelse. Vi må sikre kulturtilboda innan teater, dans, musikk og kunst. Vi må løfte arbeidet med ivaretaking og formidling av kulturminne. Førde skal verte nynorskhovudstaden i Noreg!

  • Betre folkehelse og omsorg når du treng det

Sunnfjord kommune skal ha helse- og omsorgstenester med høg kvalitet. Vi vil satse på velferdsteknologi for eit godt og trygt omsorgstilbod. Samstundes må vi sikre at brukarar og pårørande får medverknad og individuell tilpassing. Vi må syte for betre rekruttering til helse- og omsorgsyrket. Vi vil satse på lågterskeltilbod for god folkehelse gjennom heile livet.

  • Attraktive bumiljø og tettstadar

Vi må sikre nok tomter og attraktive bumiljø for alle behov i den nye kommunen. Vi må ha bustader og tomter både i bysentrum, tettstadane og grendene. Alle må kunne leige eller kjøpe bustad, uavhengig av alder, økonomi eller livsfase. Vi vil jobbe for eit deltakande demokrati der du som er innbyggjar får engasjere deg og komme til orde.

  • Næringsliv i front

Vi må legge til rette slik at næringslivet utviklar seg i forkant av samfunnsendringane. Derfor må vi satse på teknologi, forretningsmodellar og tenester som tek oss inn i framtida. Sunnfjord må ha ein variert og inkluderande arbeidsmarknad, med både offentlege og private arbeidsplassar. Vi må rekruttere fleire med både yrkesfagleg kompetanse og høgare utdanning. Kommunen må bidra til samspel mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar.

  • Trygg samferdsle og moderne mobilitet

I Sunnfjord kommune skal du kunne ferdast trygt både som bilist og som gåande eller syklande. Vi vil jobbe aktivt for rassikring og utbetring av vegnettet. Gang- og sykkelvegar må bli samanhengande i heile kommunen. Sunnfjord Venstre vil styrke kollektivtilbodet og bidra til nye løysingar for å redusere transportbehovet ved dagpendling.

  • Eit smartare, grønare og tryggare Sunnfjord

Vi må jobbe i lag for ei berekraftig utvikling også for framtidige generasjonar. Sunnfjord kommune skal ha høge ambisjonar for å redusere klimagassutslepp. Vi må ta vare på naturen. Vi må gjere det lettare for innbyggjarane å ta ansvar for miljøet. Lokalsamfunna må tilpassast eit klima i endring. Kommunen må satse på utvikling av miljøløysingar i alle anbod.

Som politikarar lovar vi å ta modige og ansvarlege grep for å få fart på Sunnfjord. Men vi treng hjelp frå alle dykk for å lukkast. Ved å stemme på Venstre gjev de ei stemme til alle gründarar, lærarar, bønder, omsorgsarbeidarar, frivillege, bedriftsleiarar, offentleg tilsette, studentar, barnehagetilsette, kulturarbeidarar, tømrarar, miljøengasjerte og alle andre som har framtidstru på nye Sunnfjord kommune!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**