Venstre sitt landsmøte vedtok første helga i mars at partiet er kritisk til ein grunnrenteskatt på fiskeri- og havbruksnæringane. Ei mogleg innføring av ein skatt er under utgreiing. Venstre går med dette først ut og stiller seg på fiskeri- og havbruksnæringa si side i saka.
– Dette er svært viktig for ei næring som i stor grad er eigd av lokale drivkrefter som skapar verdiar og vekst i lokalsamfunn langs kysten. For arbeidsplassar i Kinn er dette svært viktig, seier ordførarkandidat Jacob Nødseth som på landsmøtet engasjerte seg sterkt i denne saka saman med mange andre næringspolitikarar i partiet. Fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang har gått i front for saka, saman med mellom andre stortingsrepresentant André Skjelstad.