Venstrelista er klar!

Jacob Nødseth leverer vallista til Kinn kommune ved Linda M. Larsen, flankert av Daniel Gangeskar, Mona Alvestad, Edvard Iversen og Torstein Hagen., Foto: Kinn Venstre

Fredag 29. mars leverte ordførarkandidat Jacob Nødseth inn Kinn Venstre si valliste. Det skjedde på kommunehuset i Måløy, der nye Kinn kommune har postadresse.

Kinn Venstre valte Jacob Nødseth som sin ordførarkandidat i oktober i fjor. Fredag 22. mars bestemte nominasjonsmøtet til Kinn Venstre resten av lista. Edvard Iversen frå Raudeberg blir som andrekandidat førehandsprioritert saman med Nødseth frå Florø.

-Nominasjonskomiteen har gjort ein god jobb med å finne flinke og engasjerte folk til lista. Vi har kvinner og menn frå nær sagt heile den nye storkommunen. På lista finn du unge og eldre, erfarne og ferskingar i politikken, frå ulike delar av næringslivet og
offentleg sektor, mange som er engasjert i frivillig sektor, i heile kommunen og i sine lokalsamfunn. Det er eit veldig godt utgangspunkt for å vere eit breitt folkeparti slik Venstre har tradisjon for å vere i både Flora og Vågsøy, seier ordførarkandidat Jacob
Nødseth.

-Vi er opptatt av å ikkje snakke om «dei» og «oss», men snakke om «vi» på tvers av dagens to kommunar. Det er viktig skal vi klare å realisere potensialet som er i nye Kinn. Det er ikkje likegyldig kven som sit med roret i den nye kommunen, og Venstre med Jacob i front har eit lag som er klart til å ta styring og både sette dagsorden i Kinn, og samstundes sette Kinn på dagsorden langt utanfor kommunegrensene, seier
andrekandidat Edvard Iversen. -Ei av våre viktigaste oppgåver er å snu den negative folketalsutviklinga i vår region, og då må vi gjere det attraktivt for unge menneske å bu her. Difor er det knallbra at så mange unge menneske har fått plass på lista vår. No gler vi oss til valkampen, seier dei to toppkandidatane.

1 Jacob Nødseth Florø 1988
2 Edvard Iversen Raudeberg 1949
3 Vivian Norstrand Rognaldsvåg 1963
4 Mona Alvestad Måløy 1972
5 Jan Henrik Nygård Florø 1961
6 Hilmar Eliasson Florø 1960
7 Kari Larsen Deknepollen 1987
8 Torstein Hagen Kvalheim 1953
9 Karoline Korneliussen Skår Florø 1989
10 Daniel Gangeskar Deknepollen 1996
11 Njål H. Eliasson Florø 1999
12 Amila Adzemovic Måløy 2001
13 Rune H. Nygård Florø 1997
14 Terje Kjerpeset Florø 1980
15 Weronica Nilsen Toftesund Florø 1983
16 Sebastian Kvalheim Måløy 2000
17 Lasse Seim Florø 1950
18 Trond Kongshaug Vedvik 1982
19 Trond Heimset Eikefjord 1971
20 Trym Vorren Deknepollen 1998
21 Rune O. Nilsen Hovden 1955
22 Gunhild M. Bjelland Batalden 1942
23 Anita Solheim Steinset Florø 1965
24 Henning Haugholt Askrova 1986
25 Stig Herman Hagen Deknepollen 1969
26 Eva Marie Pleym Refvik 1969
27 Vegard Åstebøl Larssen Måløy 1981
28 Åse-Iren Korneliussen Florø 1959
29 Kristian Æsøy Skorpa 1987
30 Kamilla Torheim Måløy 1975
31 Kolbjørn Løken Eikefjord 1933
32 Selma Strand Larsen Deknepollen 1950
33 Johnny Dag Jacobsen Eikefjord 1953
34 Klaus Iversen Raudeberg 1952
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**