Venstre har sett seg mål om å få inn minst åtte kandidatar ved valet til hausten. -Venstre ser eit hav av moglegheiter, vi skal ta heile kommunen i bruk, innleia valkampsjef Arild Antonsen frå utsiktspunktet.
Dei kommulerte kandidatane heldt apellar før ordførarkandidat Kari Grindvik høgtidleg erklærte valkampen for opna. Så fekk dei frammøtte avslutningsvis informasjon om valkampplan og aktiviteter.
Ordførarkandidat
Venstre har lansert Kari Grindvik som sin ordførarkandidat. Ei dame som har fartstid både i kommunestyret i Skodje og fellesnemnda i nye Ålesund. Med på laget har vi mange gode kandidatar, som med sine erfaringar og kvalitetar bidreg til eit komplett lag.
Saman skal vi ta Ålesund til ny høgder!
Ålesund Venstres hovudsaker
KLIMA – MILJØ
Etablering av landstraum på dei mest trafikkerte hamnene.
Auka frekvens og krav om nullutsleppsfartøy på hurtigbåtrutene.
Reint hav , strandrydding og trygg handtering av plast.
SKULE
Ålesund Venstre er oppteken av at utdanningsinstitusjonane må bidra til å skaffe næringslivet rett kompetanse for framtida. Dette ønskjer vi å legge til rette for mellom anna ved å legge opp til tett samarbeid mellom kommunen, skulane og næringslivet.
Både grunnskule og vidaregåande/høgskule må styrkjast slik at elevar og studentar kan få eit godt og trygt læringsmiljø for framtida.
HELSE- OG OMSORG
Ålesund Venstre erkjenner at einsemd er ei aukande utfordring for mange i samfunnet i dag.
Ålesund skal ha gode omsorgstenester og tilbod på alle trinn i omsorgstrappa. Kvardagsmeistring for alle er målet: Vi må sjå kvar einskild og yte tenester etter behov på rett nivå. Alle har noko å bidra med – inkludering og tilrettelegging for at alle får vere aktiv heile livet.
Kumulerte kandidatar
1. kandidat: Kari Grindvik
Alder : 57 år
Politisk erfaring: To periodar i kommunestyret/formannskapet frå 2011, varaordførar2011-2015. Medlem i fellesnemnda for nye Ålesund. Tidlegaremangeårig leiar i Skodje Venstre.
Busett: Bur på Skodje
Hjartesak:
1. Folkestyre- eit lokaldemokrati som legg til rette for deltaking og samhandling. Der avgjerder vert tekne nærast mogleg den det gjeld. Meir oppgåver til kommunene- fylgt opp med midlar- for betre samordna tenester til innbyggjarane.
2. Ålesund skal ha gode omsorgstenester og tilbod på alle trinn i omsorgstrappa. Kvardagsmeistring for alle er målet: Vi må sjå kvar einskild og yte tenester etter behov på rett nivå. Alle har noko å bidra med – inkluudering og tilrettelegging for at alle får vere aktiv heile livet.
3. Arbeidsplassar: insentiv for det grøne skiftet, at utdanningsinstitusjonaenbidreg til å skaffe næringslivet kompetanse for framtida, at vi legg til rette for nok næringsareal i heile kommunen.
4. Folk først: tidleg innsats og førebygging – for å jamne ut ulikskap og hindre utanforskap.
2. kandiat : Arild Terje Antonsen
Alder : 53 år
Busett: Bur på Aspøya
Politisk erfaring: 2. vara til Ålesund Bystyre, 1. vara til bydelsutvalg, vara til helse og velferdsutvalget.
Tidligere leder i Ålesund Venstre og nestleder i interimmstyret for nye Ålesund Venstre. Valgkampansvarlig for Ålesund Venstre i 2017 og 2019. 1. varamedlem til fylkesstyret i M&R Venstre.
Hjartesak:
Vil arbeide for en raus og inkluderende kommune. Hvert menneske er en ressurs som må bli sett og hørt.
1. Den frivillige kulturaktivitet i alle kommunedelene må ha gratis rom/lokaler og gode vilkår. Frivillighet skaper hverdagshelter. Hverdagsheltene skaper aktiviteter.
2. Snakke frem ungdommer som vil ta fagutdanning. Et sterkt, grønt næringsliv trenger ansatte med fagbrevkompetanse.
3. Rein luft og reint hav. Vi skal ta vare på artsmangfoldet og naturen.
3. kandidat: Håvard Urkedal
Alder : 27 år
Busett: Bur i Urkedalen på Grytastranda
Politisk erfaring: 1.vara til kommunestyret i Haram (2015-2019).
Leiarerfaring frå UV lokalt, regionalt og landsplan, Haram Venstre og no nestleiar i Møre og romsdal Venstre
Hjartesak:
1. Narkomane skal få hjelp, ikkje straff.
2. Ålesund kommune skal vere for alle menneske og skal inkludere LHBT
4. kandidat: Fride Schjølberg Sortehaug
Alder : 31 år
Busett: Bur på Lerstad (er frå Skodje)
Politisk erfaring: varaordførar i Volda (2015-2018), tidlegare varamedlem til fylkestinget styremedlem KS Møre & Romsdal, tidlegare leiar i M&R UV og styremedlem i Volda Venstre
Hjartesak:
1. Moderne og grøne Ålesund: utvikle Ålesund til ei moderne og attraktiv kommune for unge å etablere seg i og flytte heim til.
2. Tidleg innsats: styrke og vri ressursar for å nå barn og unge tidlegare gjennom forebygging og tilrettelegging.
3. Meir fokus på mennesker, mindre på bil: Utvikle gode bomiljø og drive bevisst stadsutvikling for å tilrettelegge for god folkehelse blant alle aldersgrupper.
4. Trygg skuleveg: Sikre alle born og unge trygg ferdsel og gode alternativ langs skulevegar.
5. kandidat: Nadarajah Gunapalan
Alder : 61 år
Busettt: Bur på Sjøholt
Politisk erfaring: Kommunestyremedlem i Ørskog 2015-2019
Hjartesak:
1. Døgnbemanna omsorgsbustader i kommunen, også på Sjøholt
2. Sykkel og gangvegar, td fullføring av strekninga Sjøholt –Tøssa
3. Alle skulebygg i Ålesund kommune skal ha akseptabel helsestandard
6. kandidat: Hans Endre Sæterøy
Alder : 53 år
Busett: Bur på Harøya
Politisk erfaring: 2 periodar i kommunestyret i Sandøy, den siste perioden (2011-2015) som ordførar.
Hjartesak:
1. Arbeide for at vi må kunne ta heie kommunen i bruk.
2. Arbeide for at vi må tilrettelegge for at vi tek vare på mangfaldet i kommunen, spesielt gjennom å fremje kulturarbeid i alle delar av kommunen.
3. Gje gode tilhøve for kollektivtransport og for at det skal vere plass for syklistar og mjuke trafikkantar å ferdas trygt i trafikken.
4. Ønskjer å legge til rette for ein god skule på alle nivå der folk bur. Både grunnskule og vidaregåande/høgskule må styrkjast slik at elevar og studentar kan få eit godt og trygt læringsmiljø for framtida.
5. Arbeide for at flest mogleg kan få sine rettmesiisge tilbod der dei bur og ikkje måtte reise langt for å få sine nødvendige behov dekt.
7. kandidat: Alvhild Aspelund Bjørge
Alder : 66 år
Busett: Bur på Ellingsøya
Politisk erfaring: Tredje periode i Ålesund bystyre og medlem i helse og velferdsutvalet.
Hjartesak:
Er opptatt av at vår kommune skal ha gode tilbod og levere rette tjenester til de som trenger det. Brukermedvirkning er viktig for å levere gode tjenester.
8. kandidat: Kristian Stråmyr
Alder : 25 år
Busett: Bur på Gamlem
Politisk erfaring: Starta som nestleiar og seinare leiar i Haram Ungdomsråd og deltok tre år på Ungdommens fylkesting. Er gruppeleiar for Haram Venstre (sidan 2011) og fast kommunestyremedlem frå 2015. Er sekretær for M&R Venstre og valkampsekretær for Pål Farstad ved årets fylkestingsval.
Hjartesak:
1. Legge til rette for gründerskap og verdiskaping, mellom anna ved å nytte Haramsmodellen som legg opp til tett samarbeid mellom kommunen, skulane og næringslivet.
2. Halde kulturlandskap og matjord i hevd av omsyn til matproduksjon for framtidige generasjonar, artsmangfald og oppleving av ope landskap.
3. Styrke og utvikle folkebiblioteka som formidlingsarena , uavhengig debattarena og integreringsarena og lage ei forsøksordning med meiropne bibliotek.
4. Gi tilbod om kombinasjonsklassar for å hindre fråfall der elevane får meir grunnskuleopplærong, samtidig som dei blir førebudde på kva som forventast i den vidaregåande skulen.
Stor takk til fotograf Arnstein Sæthre for mange gode kandidatfoto!