Takk til Hareid Venstre, til Abid Raja og Britt Giske Andersen, som laga ei god stund på Aarvak-museet på Brandal i dag. Raja er ein inspirerande og kunnskapsrik politikar, som gir mykje av seg sjølv, og skapar engasjement.
Etter planen kjem Abid Raja til Vanylven under Kosterikjedagane, med planar om å oppleve m.a. Tunheimsfjøra, Hakallegarden og kjekke vanylvingar. Vi satsar samtidig på å samle Venstre-folk frå heile søre Sunnmøre då, så kryss av 7. juni i kalendaren.