Gruppeleder og førstekandidat Lavrans Skuterud oppsummerer begeistret fra landsmøtet sist helg (innlegget står også på trykk i Avisa ST 14. mars):
«Det er Venstre til vi dør. Nu kjør vi!»
Alvoret var stort og engasjementet sterkt på Venstre sitt landsmøte i helga. Gode innlegg om historisk utvikling av sosialliberalismen og diskusjonar om Venstre sitt prinsipprogram var nydeleg mental føde og avbrekk frå eit nyheitsbilde med mykje fokus på aukande nasjonalisme, proteksjonisme og mindre toleranse. Og med angrepet mot justisministerens bil som eit nitrist apropos. Her handla det om fridom for kvar enkelt, personleg ansvar, sosialt ansvar og hjelp til dei som treng det, ansvar for miljøet og komande generasjonar, toleranse og maktspreiing. Venstres distriktspolitikk var også eit stort tema, og vi fekk ambisiøse vedtak som bl.a. at 95% av alle hushald og verksemder skal ha god breibandstilgang i 2020, fleire desentraliserte og fleksible utdanningstilbod, og ikkje minst at det lagast heilskapleg oversikt og koordinering av flytting, nedlegging og oppretting av statlege arbeidsplassar. Målet er å hindre at etatar og direktorat som «statar i staten» flyttar arbeidsplassar utan politisk kontroll. I Orkdal har vi opplevd dette med både NAV og Helfo, og risikerer no Vegvesenet. Lågare matmoms for restaurantar var eit anna vedtak, for å gjere det billegare å ete ute – eit godt sentrumstiltak!
Venstre sin elbilpolitikk har æra for at vi no har verdas mest miljøvennlege bilpark, og landsmøtet vedtok nye ambisjonar om grøn vekst og omstilling, bl.a. sikre 50-50-fordeling på investering mellom veg og jernbane, og meir støtte til klimavennleg energiteknologi. Og mens Trine opna landsmøtet heldt finansministeren pressekonferanse om at Oljefondet droppar investeringar i selskap som leiter eller olje og gass – ein klar Venstre-siger!
Havet har gitt oss mat på bordet, mange arbeidsplassar og har skapt store verdiar til utvikling av felles velferd i generasjonar. Med strengare krav til miljø vil Venstre at norsk sjømatnæring skal vere viktig bidragsytar til meir berekraftig matproduksjon i verda. Vertskommunar for sjømatnæringa bør få ein større del av verdiskapinga, og Venstre vil derfor vidareutvikle Havbruksfondet. I 2018 ga det Agdenes og Snillfjord kommunar til saman kr. 30 mill.
Skule har alltid vore viktig for Venstre. Etter gjennomslag for lengre lærarutdanning og strengare opptakskrav er det no rekordmange som vil bli lærarar! No må vi bl.a. satse på meir valfag og større valfridom for elevane både i barne- og ungdomsskulen og i vidaregåande – og vi bør vurdere skulemat.
I god sosialliberal ånd diskuterte landsmøtet også politikk for nokre av dei som har mindre ressursar og treng meir hjelp frå oss andre: Landsmøtevedtaket om å ta vare på folk på flukt løftar både ein framtidig situasjon med fleire klimaflyktningar, dagens forferdelege situasjon i flyktningeleirar på greske øyer, og at «papirlause» i Noreg må få naudsynt helsehjelp. Venstre vil utvide og vidareutvikle tannhelsetenesta slik at fleire får støtte til ordinær tannbehandling og til større inngrep, men rettigheitene til sårbare grupper som rusmisbrukarar må særleg styrkast. Og vi vil at ordninga med brukarstyrt personlig assistanse (BPA), som skal sikre at personer med praktisk assistansebehov skal kunne leve mest muleg sjølvstendige og uavhengig liv, skal vere det likestillingsverktøyet det er meint å vere. Da må brukaren sjølv styre tilbodet. Og dei må ha same retten etter at dei fyller 67 år.
Med gode diskusjonar og vedtak vart det raskt god stemning på landsmøtet. Vi er trygge på at Venstre trengst, og er klare til valkamp!
Lavrans Skuterud, Gruppeleiar for Venstre i Orkdal, medlem av fellesnemnda for Orkland