Søkjer valkampsekretær for Vestland Venstre – kort frist

Foto: Bård Mangerøy

Vestland Venstre søkjer valkampsekretær i 100% stilling i tilknyting til valkampen i 2019, med tilsetting snarast mogleg. Stillinga vil avsluttast 20. september 2019 og det vert mogleg å avvikle noko ferie i juli. OBS! Søknadsfrist er sundag 17. mars 2019.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Sekretæren vil samarbeide med Vestland Venstre sitt valkamputval, Venstres Hovedorganisasjon, samt Venstre sine to fylkessekretærar i Hordaland og Sogn & Fjordane. Han eller ho vil ha særskild ansvar for den praktiske avviklinga av fylkesvalkampen og hjelp til lokallaga i lokalvalkampen.

 

Stillinga inneber førebuande arbeid frå tiltreding til sumaren, og praktisk gjennomføring og førefallande arbeid i den korte valkampen i august og september.

 

Søkjaren bør ha erfaring med valkamp, kunne arbeida både med stor sjølvstende og i team og vera initiativrik. Søkjaren vil ha ein fordel av å dela Venstre sitt politiske grunnsyn.

 

Valkamp er hektisk; få dagar vil vera like, men ein må vera klar for lange dagar på kontoret. Noko reiseaktivitet forventast.

 

Det er naudsynt at søkjaren kan nytta begge målformer.

 

Viktige arbeidsoppgåver:

  • Mobilisera organisasjonen og organisera frivillige
  • Bistå med å skrive lesarinnlegg, brosjyrer og anna tekst
  • Kontakt med frivillige, tillitsvalde, kandidatar og samarbeidspartnarar
  • Hjelpa lokallaga med organisatoriske utfordringar
  • Hjelpa lokallaga med brosjyreproduksjon
  • Administrere kalender over aktivitetar, finne deltakarar til debattar, stands og dørbank
  • Gjennomføring av kampanjar og aksjonar
  • Dagleg gjennomføring av valkampen

 

Nærare informasjon om arbeidsoppgåver vil ein få på førespurnad hjå valkampsjef Bjørn Tore Sund, [email protected], telefon 91868075
eller fylkesskretær i Hordaland, Gro Gjelsvik, [email protected].

Søknad sendast Bjørn Tore Sund på [email protected]

Løn etter avtale.

Arbeidsstad: Felles valkampkontor for Bergen Venstre, Vestland Venstre og Vestland Unge Venstre på Bryggen, Bergen sentrum.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**