Sekretæren vil samarbeide med Vestland Venstre sitt valkamputval, Venstres Hovedorganisasjon, samt Venstre sine to fylkessekretærar i Hordaland og Sogn & Fjordane. Han eller ho vil ha særskild ansvar for den praktiske avviklinga av fylkesvalkampen og hjelp til lokallaga i lokalvalkampen.
Stillinga inneber førebuande arbeid frå tiltreding til sumaren, og praktisk gjennomføring og førefallande arbeid i den korte valkampen i august og september.
Søkjaren bør ha erfaring med valkamp, kunne arbeida både med stor sjølvstende og i team og vera initiativrik. Søkjaren vil ha ein fordel av å dela Venstre sitt politiske grunnsyn.
Valkamp er hektisk; få dagar vil vera like, men ein må vera klar for lange dagar på kontoret. Noko reiseaktivitet forventast.
Det er naudsynt at søkjaren kan nytta begge målformer.
Viktige arbeidsoppgåver:
- Mobilisera organisasjonen og organisera frivillige
- Bistå med å skrive lesarinnlegg, brosjyrer og anna tekst
- Kontakt med frivillige, tillitsvalde, kandidatar og samarbeidspartnarar
- Hjelpa lokallaga med organisatoriske utfordringar
- Hjelpa lokallaga med brosjyreproduksjon
- Administrere kalender over aktivitetar, finne deltakarar til debattar, stands og dørbank
- Gjennomføring av kampanjar og aksjonar
- Dagleg gjennomføring av valkampen
Nærare informasjon om arbeidsoppgåver vil ein få på førespurnad hjå valkampsjef Bjørn Tore Sund, [email protected], telefon 91868075 eller fylkesskretær i Hordaland, Gro Gjelsvik, [email protected].
Søknad sendast Bjørn Tore Sund på [email protected]
Løn etter avtale.
Arbeidsstad: Felles valkampkontor for Bergen Venstre, Vestland Venstre og Vestland Unge Venstre på Bryggen, Bergen sentrum.