Vil ikkje ha særskatt på fiskeri og havbruk

Forto: Åge Avedal

– Eg er kritisk til ein grunnrenteskatt på fiskeri- og havbruksnæringane. Ein slik særskatt kan slå beina under utviklinga av ei svært viktig næring på kysten, i distrikta og for framtida, slo Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre fast under Venstre sitt landsmøte i helga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Berge Stang tok til motmæle mot eit forslag om å vurdere ein grunnrenteskatt av havbruksnæringane under Venstre sitt landsmøte i Trøndelag i helga, og fekk gjennomslag for sitt syn.
– Dette er ein særskatt som inneber forskjellsbehandling mellom næringane, og som systematisk flyttar skattebyrde bort frå til dømes multinasjonale selskap og over på distriktsnæringar. Er det rett å skattlegge ein type naturressurs, men ikkje andre? Ein styrtrik eigedomsbaron i Oslo som eig attraktive areal, tener seg definitivt rik på ein naturressurs og eit knappheitsgode. Kvifor skal ikkje han få same skattebyrda? undrar Gunhild Berge Stang.

Jacob Nødseth, ordførarkandidat for Kinn Venstre deltok også under landsmøtet til Venstre i helga. Han meiner grunnrenteskatt kan øydeleggje for viktig næringsutvikling på kysten.
– Fiskeri og havbruk er ei næring eigd av lokale private verdiskaparar som legg att svært mykje i lokalsamfunna på kysten, gjennom havbruksfond til vertskommunane og gjennom arbeidsplassar. Det er snakk om lokale gründerar som brenn for bygda si og legg att store pengar i kulturliv og frivilligheit, seier Nødseth og held fram: – Vi snakkar om ei næring som nett no går godt, men som framover må bruke overskota sine til å rigge seg for framtida fordi den byr på mindre lønnsemd og større internasjonal konkurranse. Norsk havbruk sitt viktigaste konkurransefortrinn er å vere ei rein næring. Næringa investerer stort i teknologiutvikling for å bli endå meir berekraftig og rein, og er med å finansiere kultiveringsarbeid i lakseelvane.

Bak f.v. Trude Risnes, ordførarkandidat Sogndal Venstre, Ole Martini, leiar i Vestland Unge Venstre, Jacob Nødseth, ordførarkandidat Kinn Venstre, Alfred Bjørlo, ordførar Eid kommune, Jon Gunnes, Stortingsrepresentant, Abid Raja, Stortingsrepresentant, Jan Henrik Nygård, fylkesleiar, Atle Hamar, statssekretær / ordførarkandidat Sunnfjord Venstre, Gunnar Osland, varaordførar Askvoll kommune. Framme f.v. Andre Skjelstad, Stortingsrepresentant, Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat Vestland Venstre, Pål Farstad, fylkesordførarkandidat Møre og Romsdal Venstre.

Gunhild Berge Stang er som fylkesordførarkandidat for nye Vestland fylke svært opptatt av å styrke næringslivet i distrikta og på kysten. Dette vart understreka gjennom fleire av talane ho heldt under landsmøtet: – Denne helga har vi snakka mykje om korleis Venstre skal løfte distriktspolitikken og næringspolitikken. No har vi ein sjanse til å vise at vi meiner alvor, lat oss ikkje bomme på målstreken, sa Berge Stang frå talarstolen og la til: – Å pålegge næringa ein slik særskatt er ikkje å ville næringa godt. Det er trass alt nokre næringar som i større grad enn andre skal bære AS Norge, og havbruksnæringa er ei av dei.

 

 

Kontaktinformasjon:
Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler kommune / fylkesordførarkandidat: 976 53 785
Jacob Nødseth, ordførarkandidat Kinn Venstre: 480 13 162

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**