Uttalelse: Ta vare på folk på flukt

Barn kan ikkje rå for foreldra sine handlingar. Venstre meiner det er naudsynt å styrka barn sine rettar., Foto:iStock

Aldri før har så mange menneske vore på flukt. Rundt 68 millionar har måtte forlate heimane sine fordi dei er forfølgde eller må flykte frå krig og nød. Det er ingen som vel kor i verda dei vert fødd, og det er ingen som vel å verte fødd i krigsherja land. Vi som er fødde i Noreg har vore veldig heldige, og det betyr også at vi har eit ansvar for å hjelpe menneske som ikkje har vore like heldige som oss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Vedtatt av Venstres landsmøte, 10.3.2019, Stjørdal

Etter flyktningkrisa har stadig fleire land i Europa valt å stramme inn, og gjere det meir vanskeleg å søke asyl. Venstre meiner at Noreg ikkje må vere med på eit «race to the bottom», der målet er å gjere kvardagen så vanskeleg som mogleg, for å avskrekke folk frå å søke ei trygg hamn i Europa. Vi må føre ein sjølvstendig innvandringspolitikk, som sikrar at folk vert møtt med respekt og får saka si handsama på rett vis.

Barn kan ikkje rå for foreldra sine handlingar. Derfor meiner Venstre at barn sine rettar i asyl- og flyktningsystemet må verte styrka. Bruken av mellombelse opphaldsløyve må stansast, og mindreårige asylsøkarar må få rett både til skulegang og barnehageplass.

Venstre meiner den internasjonale flyktningkrisa krev auka innsats og betre ansvarsdeling, spesielt i Europa. Regjeringa må ta initiativ til å samarbeide med EU for å få løyst dei akutte utfordringane i flyktningleirane, spesielt på dei greske øyane.

Venstre meiner Noreg må auke bidraget sitt, og vil samstundes signalisere at vi i ein slik situasjon har både kompetanse og kapasitet til å bosetje fleire.

Rett til helsehjelp er ein ufråvikeleg menneskerett. Dette gjeld også for personar som oppheld seg ulovleg i landet, såkalla papirlause. Deira opphaldsstatus er uvesentleg for deira rett til naudsynt helsehjelp.

I dag har personar utan lovleg opphald i Noreg rett til hjelp straks og til «helsehjelp som ikkje kan vente». Den helsefaglege vurderinga av kva for slags tilstandar som ikkje kan vente, vert ofte blanda saman med at institusjonen ikkje får dekka utgiftene. Dette betyr i praksis at dei papirlause berre har rett til akutt helsehjelp.

Noreg si innskrenking i papirlause sin rett til helsehjelp er i strid med FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, artikkel 12. Den fastslår mellom anna myndigheitene si plikt til å «skape vilkår som trygger alle legebehandling og pleie under sykdom».

Rett til helsetenester må gjevast på bakgrunn av individet sitt medisinske behov og Noreg sine internasjonale forpliktingar. Innvandringsregulerande omsyn er uvedkommande i denne samanhengen.

På denne bakgrunn vil Venstre:

  • At rett til naudsynt helsehjelp også skal gjelde for personar utan lovleg opphald i Noreg (såkalla papirlause). Dette kan oppnåast ved å endre forskrift 1255 til Lov om helse- og omsorgstenester.
  • At det må opprettast ei finansieringsordning for sjukehus, fastlegar og kommunale helseinstitusjonar, slik at desse kan få refundert utgifter til helsehjelp gjeve til pasientar utanfor folketrygda.
  • Stanse bruken av midlertidige opphaldsløyve til einslege mindreårige asylsøkarar.
  • Gjeninnføre rimelegheitsvilkåret ved vurdering av internflukt
  • Stanse praksisen med å trekke tilbake flyktningstatus på grunn av endra forhold i heimlandet.
  • Avgrense bruken av dagens aldersvurderingspraksis som i stor grad kritiserast for å vere upresis.
  • At alle einslege asylsøkarar under 18 år skal takast hand om av barnevernet.
  • Arbeide for eit forpliktande felles europeisk asyl- og kvotesystem.
  • Gje barn i asylmottak rett til barnehageplass.
  • At asylsøkarar skal ha rett til vidaregåande opplæring.
  • Styrke ordninga med rettleiing ved retur, slik at flest mogleg med avslag forlèt landet frivillig.
  • At asylsøkarar vert gjevne betre moglegheit for kontradiksjon i UNE, og at fleire asylsøkarar med avslag får moglegheit til å forklare seg munnleg for nemnda.
  • Ta i mot det talet overføringsflyktningar som FNs høgkommissær ber Noreg om.
  • Bidra til, i samarbeid med EU, at dei humanitære forholda i flyktningleirar på greske øyer betrast radikalt.
  • Bidra med økonomisk støtte og anna hjelp saman med EU for å sikre raskare sakshandsaming av asylsøknadar.
  • Ta imot fleire asylsøkarar frå greske leirar til handsaming av søknad i Noreg, i samarbeid med Europa.
  • Arbeide for at klimaflyktningar kan oppnå flyktningstatus i Noreg.
  • Ta imot relokaliseringsflyktningar frå EU, i tillegg til kvoteflyktningar.
  • Sikre hørselshemma asylsøkarar, flyktningar og familiegjenforente sine rettar.
  • Innføre hørselsscreening som del av helseundersøkinga for asylsøkarar, flyktningar og familiegjenforente.
  • Krevje at hørselshemma og døve asylsøkarar, fylktningar og familiegjenforente får rett til to tolkar i samtalane sine; ein norsk teiknspråktolk og ein døv fremmedspråkleg teiknspråktolk.
  • At rett til naudsynt helsehjelp også skal gjelde for personar utan lovleg opphald i Noreg (såkalla papirlause). Dette kan oppnåast ved å endre forskrift 1255 til Lov om helse- og omsorgstenester
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**